nyhende

Boblande vinterglede ved Nesavatnet

Desse kalde, men fantastiske vinterdagene gir moglegheiter som me ikkje har så ofte. Som å blåsa såpebobler som frys til is.

Publisert Sist oppdatert

Ein blir aldri for gamal til å leika og utforska, og laurdag tok Tor André Johannessen og barnebarnet Sakarias Johannessen Heimestøl seg ein tur til Nesavatnet.

– Me hadde med oss både såpeboblemaskin og såpeboblepinne. Det blei ein heil del frosne såpebobler i minus 12 grader. Såpeboblemaskina fraus etter kvart til og måtte tinast, fortel Johannessen.

Han har sendt Vestavind bildene du ser i galleriet. Har du lyst til å prøva dette sjølv, finn du oppskrifta her:

Såpebobleblanding

  • 0,5 oppvasksåpe, til dømes Zalo
  • 1 dl vann, lunka eller varmt
  • 1 ts sukker
  • 1 ts glyserol (kan kjøpas på apotek)
  • Noko å blåsa såpebobler med, som ein såpeboblepinne du har liggande.

Slik gjer du det

  • Rør saman ingrediensane og hell blandinga over i ein kopp eller ei flaske. Eller ei såpeboblemaskin.
  • Blås såpebobler ute i minusgrader. Best resultat får du mellom -3 og -10 grader. Er det kaldare enn -10 grader kan boblene frysa til i lufta og sprekka når dei landar.
  • For å unngå at såpeboblene sprekk, prøv å blåsa dei langs bakken eller rett over snø.
  • Det er lettera å blåsa små bobler enn store, men det er bedre å sjå mønstra som blir danna på dei store.
  • Skal du ta bilder av monstra, er det eit godt tips å fotografera i motlys.

Kjelde: undervisningstips.com

Powered by Labrador CMS