nyhende
– Bli med på hagefugltelling i helga!
Helga 30.-31. januar blir Hagefugltellingen gjennomført i hele Norden. Det er Norsk Ornitologisk Forening (NOF), som er ansvarleg for tellinga her til lands.
Det er 14. gong at NOF arrangerer Hagefugltellingen.
– I fjor fekk me rapportar frå nesten 10 000 fôringsplassar. Det vart rapportert nesten ein halv million fuglar! På grunn av koronasituasjonen har folk endra åtferda si og mange brukar naturen meir enn før. I tillegg må folk vera meir heime og mange har av den grunnen starta med fuglefôring eller intensivert denne interessa, som gjenspeglar seg i auke i medlemsmassen i foreininga. Vil dette òg gjera at vi får fleire rapportar under Hagefugltellingen i år? Me håpar det, skriv Norsk Ornitologisk Forening i ei melding.
Dette skal teljast
Det blir forklart at Hagefugltellinga føregår ved at ein noterer talet på fuglar av kvar art som blir sett på fuglebrettet og rundt fôringsplassen på ein dag. Det skal noterast den høgaste mengda ein ser på ein gong av kvar fugleart.
Ser ein fuglar som flyr over nærområdet, evt. andre observasjonar gjort under teljinga kan det òg noterast. Det same gjeld dei pattedyr som måtte dukka opp, som mellom anna ekorn og rådyr. Kor mykje innsats ein vil legga i teljinga bestemmer kvar enkelt.
Fuglteljinga skal leggast inn på Fuglevennens heimeside. Oversikt over talet på hagar, artar og individ som blir registrert blir oppdatert med ein gong nokon har lagt inn observasjonane sine.
Er folk bortreist den aktuelle helga og for dei skulane og barnehagar som deltar, er det mogleg å legga inn observasjonane sine ein gong i tida mellom 23. januar til og med 7. februar
Spreier interesse
Målet med Hagefugltellingen er å skapa interesse og auka kunnskapen om fuglar og natur og vise at fuglefôring er ein underhaldande og lærerik aktivitet. Mange av dei som matar fuglar synest det er morosamt å få delta i eit stort prosjekt som samlar informasjon om vinterfuglane våre. Det at telleresultatet til «Kari» på 90 år og «Marte» på 14 år blir verdifulle data for å gi oss eit bilde av bestandsutviklinga for våre vanlegaste vinterfuglarter, gir Hagefugltellingen ein eigen dimensjon. Alle innmelde observasjonar er like viktige same om ein registrerer null fuglar eller femti!