nyhende

Fire onsdagar utover våren blir det songtreff i Soknehuset.
Fire onsdagar utover våren blir det songtreff i Soknehuset.

Bli med og syng gamle songskattar

Onsdag 13. mars blir den første av fire songtreff i Soknehuset fram til mai.

Publisert Sist oppdatert

Her blir det fellessong med dei gamle songskattane du kjenner frå mellom anna skulesongboka og frå songboka på bedehuset.

– Songtreffa varar i to timar med innlagt kaffipause. Har du forslag til songar er det berre å melda frå. Arrangementet høver for seniorar og alle andre som er glade i å synga saman, og det er ope for alle i heile kommunen, seier Bente Johannessen, Solfrid Lier Habbestad og Leiv Rossehaug (på piano) som har ansvar for treffa.

Tilbodet har sitt utspring i diakoniutvalet i soknerådet i Sveio, og dei lovar allereie no at det blir fleire songtreff frå hausten av.

Powered by Labrador CMS