nyhende
Bli kjent med villblomstrane våre
Sommarferien er rett rundt hjørna, og naturen eksploderer i fargar og dufter. Kor mykje veit du om villblomstrane rundt deg?
I år vil mange feriera i eige land, og mange vil bruka sommarferien på å oppdaga den ville norske naturen. Men kor mye kan me eigentleg om det me møter av blomstrar når me er ute på tur?
Søndag 16. juni blir «Villblomstenes dag» feira, og Norsk Botanisk Forening inviterer alle til å bli betre kjent med våre ville, vakre vekster.
Mange på raudlista
1 av 4 blomsterartar i Noreg står på raudlista og er i fare for å forsvinna. 80 prosent av blomsterengene har forsvunne i løpet av dei siste 100 åra. Naturen er i trøbbel, og FN ropar varsku om tap av natur verda over.
For å bremsa denne negative utviklinga, jobbar Norsk Botanisk Forening med å auka kunnskapsnivået i befolkninga om det fantastiske mangfaldet av villblomstrar som er i Noreg. Eit av tiltaka er det årlege fellesnordiske samarbeidsprosjektet «Villblomstenes dag».
Lær meir
– Ein vil ikkje bevara noko ein ikkje elskar, og ein kan ikkje elska noko ein ikkje kjenner, seier Jeanette Viken Bjerke, dagleg leiar i Norsk Botanisk Forening
Det blir arrangert gratis blomstervandringar mange stadar, men ikkje i Sveio. Men er du interessert i villblomstrar, er det mykje å finna på Norsk Botanisk Forening si nett side. Mellom anna