nyhende

Blei ståande fast i nye renner

Grusvegen ned til Holsvika er bratt, og ei utfordring å halda når det regnar. Tre renner er lagt i vegen for å ta unna vatn, og det set ein stoppar for Kjell Eidsvåg sin bruk av friluftsområdet.

Publisert Sist oppdatert

Rennene er laga av autovern, og det er her problemet ligg for Eidsvåg sin del. Friluftsrådet Vest utbetra vegen for kort tid sidan, og valde autovernløysinga for å leia vatn vekk frå vegen. Dette er også gjort fleire andre stadar.

To renner er lagt med kort mellomrom ganske i starten på vegen, og ei er lagt like nedanfor bommen ved parkeringsplassen.

Passe sliten og sint

– Eg er ein av dei næraste naboane til Holsvika, og brukar å ta meg ein tur dit ganske ofte. Sidan eg har problem med både ein arm og ein fot, kan eg ikkje gå, men kjem meg greitt fram med den elektriske rullestolen. Eg tenkte at dette måtte vel gå bra, men det enda med at framhjula sette seg fast i renna. Eg kom verken opp eller vidare ned, fortel Eidsvåg.

Han prøvde å ringa for å få hjelp, utan hell. Då fann han ut at han måtte prøva å koma seg av stolen og dytta det han kunne klara.

– Eg kravla meg rundt slik at eg fekk lagt litt vekt på stolen samstundes som eg trykte på ein sakt revers-knapp. Til slutt fekk eg stolen opp av renna, passe sliten og sint, seier Eidsvåg.

– Dårleg universell utforming

Sint fordi rennen no gjer at han ikkje kan bruka Holsvika lengre.

– Det kan ikkje vera rett at rørslehemma ikkje kjem seg dit. Dette er dårleg universell utforming som Friluftsrådet Vest må gjera noko med. Eg har jobba med veg og vegvedlikehald, og meiner den beste løysinga er å høvla vegen slik at det blir ein topp på midten slik at vatnet renn ned på kvar side, seier Eidsvåg.

Den nedste parkeringsplassen er blitt ein ynda overnattingsplass for bubilar. Bakken er såpass bratt at bubilane og andre bilar spinn over rennene når dei skal opp, og det har danna seg groper. Rennene er også i ferd med å fyllast opp med grus.

Har funne løysinga

Solveig M. Myge, ny dagleg leiar i Friluftsrådet Vest, besøkte Holsvika førre tysdag, og har sett med eigen auge korleis det ser ut.

– Rennene av autovern er i utgangspunktet ei god løysing som me også brukar fleire andre stadar. Dei blei lagt ned etter at eit ekstremt regnvêr vaska vekk mykje av vegen. Men det er jo ikkje bra nok om folk ikkje kjem seg over eller set seg fast. Me skal sjå på dette og prøva å løysa det på best mogeleg måte slik at alle kjem seg fram, sa Myge til Vestavind onsdag sist veke.

Fredag føremiddag ringer ho tilbake og fortel at dei har hatt folk til å sjå på rennene. Dei blir liggande slik dei er fordi dei fungerer godt, men:

– Løysinga blir å sveisa på ei rist på deler av renna slik at dei med til dømes elektrisk rullestol kan kjøra greitt over. Når det blir gjort kan eg ikkje seia heilt sikkert, for me er i gong med ferieavvikling. Men me vil utbetra det så raskt som mogeleg, seier Myge.

Samstundes vil det også bli laga ei skikkeleg rampe inn til handicapdelen av det nye toalettet i Holsvika.

Kommunen kan vedta forbod

Ho er godt kjent med at friluftsområda er ynda overnattingsplassar for bubilar. Lokale hotspots blir mellom anna delt på tyske bubilappar.

– Me har fleire område der det er forbod mot å parkera mellom klokka 24.00 og 06.00 for hindra overnatting på parkeringsplassane. Det er noko me må vurdera i høve til Holsvika, og eventuelt at bubilane må parkera på den øvste parkeringsplassen.

Dette er ein prosess der kommunen må inn og gjera sin del.

– Me kan setta opp skilt i dag, men har ingen mynde til å handheva det. Skal parkeringsforbod eller -påbod vera gyldig, må kommunen gjera vedtak og godkjenna det, seier Myge.

Powered by Labrador CMS