nyhende

Det har vore påvist blåtungeutbrot i fleire europeiske land den siste tida. Illustrasjonsfoto.
Det har vore påvist blåtungeutbrot i fleire europeiske land den siste tida. Illustrasjonsfoto.

Blåtungevirus hos sau i Sør-Noreg

6. september blei det påvist blåtungevirus på sau i Kristiansand kommune. Det er første gong sidan 2009 at viruset er påvist i Noreg.

Publisert Sist oppdatert

Så langt er blåtungeviruset berre påvist hos to dyr frå same sauebuskap, skriv Veterinærinstituttet.

Det har vore påvist blåtungeutbrot i fleire europeiske land den siste tida, mellom anna i Danmark. Veterinærinstituttet skriv difor at utbrotet i Noreg ikkje er uventa.

I motsetning til i Danmark, er sjukdommen blåtunge I Noreg ein liste 1-sjukdom. Mistanke om utbrot skal difor meldast til Mattilsynet.

Sjukdommen smittar ikkje direkte mellom dyr, men viruset blir overført frå dyr til dyr med blodsugande sviknott. Sjukdommen oppstår i flest tilfelle om hausten.

Powered by Labrador CMS