nyhende
Bispedømmerådet er valt
Nå er det klart kven som er valt til å sitta i bispedømmeråd og Kyrkjemøtet frå 2024 til 2027.
Ved kyrkjevalet 2023 var det tre nomineringsgrupper som stilte liste: Bønnelista, Frimodig kyrkje og Open folkekyrkje i tillegg til Nominasjonskomiteen si liste. Alle listene er representerte på Kyrkjemøtet dei kommande åra.
Anne Vierdal frå Sveio var nominert på 5. plass på lista Open folkekyrkje, men fekk ikkje plass rundt bordet til biskop Ragnhild Jepsen i Bjørgvin bispedømmeråd.
Bjørgvin
- Oddny Irene Miljeteig, f. 1954, pensjonist (Open folkekyrkje)
- Turid Fjose, f. 1969, lege (Nominasjonskomiteen si liste)
- Per Hilleren, f. 1959, bonde (Frimodig kyrkje)
- Karl Johan Kirkebø, f. 1950, pensjonist (Open folkekyrkje)
- Dag Sele, f. 1964, lege (Nominasjonskomiteens liste)
- Sigurd Grindheim, f. 1968, professor (Bønnelista)
- Live Bakke Nydal, f. 2004, student (Open folkekyrkje)
- Kjersti Gautestad Norheim, f. 1974, sokneprest, Birkeland (prest)
- Rita Eldholm, f. 1972, Soknediakon, Åsane (lek kyrkjeleg tilsett)
- Ragnhild Jepsen, f. 1969 (biskop)
Annonse
Det nye Kyrkjemøtet møtes første gong 11. april 2024 i Trondheim. Der skal det blant anna veljast kven som skal sitta i Kyrkjerådet.