nyhende
Bildeglimt frå Kiwi Cup
Med 70 lag i sving vart det ei livlig helg på fotballbanane til Sveio IL.
Laga var frå 6 til 13 år. 70 lag er 20 fleire enn i fjor, og talet på spelara var mellom 550 og 600. Så kom føresette i tillegg. Alle skulle også ha mat og drikke, så det blei ei svært travel, men kjekk, helg for arrangørstaben og dugnadsgjengen i Sveio IL.
– Stor takk til komiteen og dugnadsgjengen som har fungert heilt fantastisk. Foreldre og frivillige har stått på og gjort dette til eit veldig vellykka arrangement som har fått mange postive tilbakemeldingar frå deltakarane, seier Kiwi Cup-general Ine Salte Andersen.
Dei yngste spelte laurdagen og dei eldste søndagen. Alle laga spelte tre kampar med boblande fotballglede og stor innsats, og alle deltakarane fekk premie. Til stor jubel blant både spelarane, føresette og tilskodarar.