nyhende

Bilbergar frå Sveio på TV i 180 land

Søndag hadde den niande sesongen av National Geographic sin TV-serie «Vinterveiens helter» premiere. Denne gongen får sjåarar i meir enn 180 land møta sveibuen Jan Erik Hammer i to av åtte episodar.

Publisert Sist oppdatert

– Dette gler me oss til. Det blir spennande, sa Hammer til oss før premieredagen.

Han har ikkje sjølv sett programma på førehand og veit ikkje sikkert kva innslag som blir med.

– Eg reknar med det blir opptak frå Suldal og Vintertun i alle fall.

Frå lastebil til bilberging

Hammer kjem opphavleg frå Ulvik, men bur på Bjelland. Etter meir enn 20 år som lastebilsjåfør, for det meste i langtransport, fekk han jobb hos Thord Paulsen i Odda Bilberging for eit par år sidan. Korleis det skjedde går fram av ei pressemelding frå National Geographic og er også vist i ein tidlegare episode i TV-serien. Hammer fortel sjølv:

Ein bil hadde køyrt av vegen og eg var tilfeldigvis i nærleiken då Thord Pedersen skulle få den på vegen igjen. Eg spurte då om han trong eit par ekstra hender for å leggja på kjetting. Det svara han ja til.

Bilbergaren blei så imponert over handlaget til Hammer at han tilbydde han jobb på flekken.

Thord Paulsen er veteran i TV-serien og blir med i alle åtte episodane.

På heimveg frå Paris

Bilbergarane har ein variert kvardag, både sommar og vinter. Då Vestavind snakka med han torsdag i førre veke sto Hammer på ferjekaien i Kiel, på heimveg frå Paris.

– Eg drog nedover søndag med ein bubil som havarerte i Hardanger for eit par veker sidan. Eigarane fekk låna leigebil av oss. No har eg levert bubilen og har leigebilen med meg tilbake. Jobbar som dette er ikkje så vanlege, men kjekke avvekslingar, seier han.

Hammer er bilbergar i eit stort område. Ofte leverer han bilar i Haugesund. Då får han overnatta heime. Andre gonger må han nytta soveplassen i bilen. Det synest han går heilt greit.

Powered by Labrador CMS