nyhende
Frustrert over høg asfaltkant:
– Bilar skrapar nedi
Elisabeth Hauge Bakke har teke kontakt med Vestavind og seier det er uforståeleg det som har skjedd ved parkeringa til badeplassen på Bua, og der også dei som vil sjå Loknakvedno eller starta turen derfrå, ynskjer å parkera.
Vegen det er snakk om er fylkesveg 4984, Tjernagelvegen. Problemet er at vegen har blitt asfaltert år etter år, og har blitt så høg at det er vanskeleg å køyra bilar ned, med mindre det ikkje er andre bilar der, og at ein dermed kan koma inn frå nordsida.
– Det er tydelege spor etter at biler har skrapa nedi, og søndag var det ein familie som gav opp. Dei hadde med kanoar og ville parkera, seier Hauge Bakke.
Ho meiner utbetringa bør skje snarast, og før badesesongen.
Lovar å sjekka forholda
Roger Lemme, byggjeleiar for vedlikehald, drift og beredskap – drift Sør, opplyser til Vestavind at han ikkje er kjent med problemet, men lovar å sjekka forholda når første høve byr seg.
– Me har ikkje nokon konkrete planar her, men me skal gjera ei vurdering på det, neste gong me er forbi staden, skriv han i ein e-post til Vestavind.