nyhende

Foto: Thomas Vallestad Drageset

Bil med tre personar køyrde i grøfta

Klokka 08.46 fikk politiet melding om et trafikkuhell på Fv. 47 Tittelsnesvegen sør for krysset til Vågedalen. To personar er sendt til legevakt

Publisert Sist oppdatert

– Ein einsleg bil har køyrt ut i ei grøft. Det skal vera tre personar i bilen, og alle er oppegåande. Det er ikkje meldt om trafikale utfordringar. Politiet er på staden, opplyser operasjonsleiar Dag Sverre Steinkopf i Sør-Vest politidistrikt.

Klokka 10.00 seier Steinkopf til Vestavind at helse har kome til staden og sjekka dei tre i bilen.

– To av dei er sendt til legevakt i ambulanse for sjekk. Sjåføren vil det bli tatt nødvendige prøvar av ut frå mistanke om køyring i ruspåverka tilstand. Bilen har fått ein del skadar, men er ikkje til hinder for trafikken. Den blir difor ståande til den blir henta av bergingsbil. Det også ein del skadar på autovernet på staden, seier operasjonsleiaren.

Politiet opprettar sak og førarkortet er beslaglagt.

Powered by Labrador CMS