nyhende

Bård Skogen nådde ikkje heilt til topps og hamna på ein delt femteplass. Her blir han intervjua av Haugesunds Avis.

Gav Garmin Norgescup i Sveio terningkast 6

Tournament director Lars Otto Bjørnland sparte ikkje på krutet under premieutdelinga etter første runde i Garmin Norgescup på Sveio Golfpark. Turneringa gjekk av stabelen i helga med heile noregseliten til stades. Store forventningar var knytt til Haugaland golfklubb sin eigen Bård Skogen.

Publisert

Allereie dagen før turneringa, fredag 1. mai, var det stor aktivitet på Sveio Golfpark. Dagleg leiar Gavin Hinds anslår at omlag 240 spelarar tok ein runde på arbeidaranes dag. Men det var ingen sjølvfølge at anlegget skulle vera klart til bruk så tidleg i mai i følgje dagleg leiar Gavin Hinds.

– Det har vore utfordrande. Me har hatt ein kald vinter og er eigentleg avhengig av ein temperatur på 7-8 grader i bakken for å få til vekst. Førre veke målte me han til 5. Banemannskapet har gjort ein kjempeinnsats. 8 tonn med gjødsel måtte til for å få fairwayane grøne og klare til å spela på.

Lars Otto Bjørnland, tournament director frå Norges Golfforbund, gav arrangør og arrangement terningkast 6.

Enorm innsats 

Hinds held fram med å framsnakka dei tilsette og ikkje minst alle frivillige som har vore med både før og under turneringa. 

– Dette er det største vi har arrangert og eg meiner me er på rett spor til å få arrangere NM i framtida. Alt i alt ei svært vellukka helg!

Turneringsleiar Stig Runar Tveit er også godt nøgd. Han er ein av dei som har arbeidd på dugnad i samband med dette som var første runde i Garmin Norgescup. 

– Det såg mørkt ut for ei vekes tid sidan. Då var det vått, men takka være tørke og kjempeinnsats frå banemannskap og frivillige så er banen så fin som han aldri har vore før på denne tida.

Tveit kan fortelja at det har vore ein 20-30 frivillige i sving til ei kvar tid. Mange av dei ute på banane for å hjelpa å halda god flyt i spelet.

– Ein runde med 18 hol brukar å ta rundt 4 timar og 20 minutt, men eliten brukar rundt ein time meir. Dei går ut i puljar på tre kvart tiande minutt og må halda farten oppe. Det er dommarar ute i løypene som kan pushe på om dei ser det går for lang tid og raskt svare på spørsmål om det skulle oppstå noko uventa. 

Favoritt på femte 

Då dei siste spelarane nærma seg hol 18 søndag, samla det seg ein god gjeng for å sjå på. Sveibu Bård Skogen hamna til slutt på ein delt femteplass, men treivst godt på heimebane.

– Eg har ikkje spelt turnering på to og ein halv månad så det var kult å koma i gong igjen. Eg har spelt på Sveio Golfpark sidan 2005 og det er heilt fantastisk å spela her. Ei god opplading til sesongen, smiler Skogen, som skal rett vidare til Viterbo, nord om Roma, og spela ein ny runde i Hotelplanner Tour. 

8 under par 

Ikkje lenge etter Skogen, kom vinnar i herreklassen, Cornelius Farhang frå Oslo Golfklubb. Gleda var stor då siste put-en satt og førsteplassen var eit faktum. Etter tre rundar på Sveio Golfpark sin 18-hols bane (to laurdag og éin søndag) enda Farhang 8 slag under par (par er det teoretiske talet på slag ein god spelar brukar på ein bane).

Cornelius Farhang frå Oslo Golfklubb gjekk av med sigeren i årets første Garmin Norgescup.

– Det er ein kul bane kor ein må tenka seg litt om, seier Farhang. 

– Eg spelte her ein gong i 2022 òg. Første runde laurdag fekk me mykje regn. Eg trur eg gjorde mykje rett då, fekk til å halde ting tørt og hadde ein god førsterunde. Det er meir skog enn eg er vand med og ganske trongt, men flott landskap og gode baneforhold.

Vinnar i dameklassen, Nora Sophie Johnsen frå Oslo Golfklubb enda til slutt på 6 slag over par. Ho takka også banemannskapet for dei flotte speletilhøva så tidleg i sesongen.

Ryktet spreier seg 

Ordførar i Sveio, André Mundal Haukås, var med å dela ut fleire Garmin-produkt som premiar til vinnarane. Han er mektig imponert over kva Sveio Golfpark har fått til.

– All skryt til dei som driv og dei som er frivillige, smiler ordføraren som kan fortelja at han stadig høyrer godord om golfanlegget. Også er det stas å ha ein så flink golfspelar frå Sveio, avsluttar han og siktar til Bård Skogen.

Alle resultata kan du sjå på golfbox sine nettsider.

Ordførar i Sveio, André Mundal Haukås, var med og delte ut premiar til vinnarane.
Powered by Labrador CMS