nyhende
Bil har køyrt av vegen – lange køar
Like før klokka 16.00 fekk politiet melding om eit trafikkuhell på Tittelsnesvegen ved Kallandsvatnet like ved grensa mellom Sveio og Haugesund.
Klokka 16.30 melder Vestavind sin journalist at trafikken er i ferd med å løysa seg opp, men det er saktegåande kø forbi ulykkesstaden retning Haugesund. Retning Sveio er det framleis ein del kø.
– Førar av bilen framstår som uskadd. No foretar me undersøkingar på åstaden og avhøyr av førar og vitne for å prøva og avklara kva som har skjedd. Det blir oppretta sak, seier innsatsleiar Hans Kristian Dahl til Vestavind.
Siste oppdatering frå politiet er at føraren fekk førarkortet beslaglagt. Vedkommande samtykka ikkje til dette. Sak er oppretta.
Danna seg fort kø
– Det er eit einsleg køyretøy som har køyrt av vegen. Ein person er involvert. Vedkommande skal vera ute av bilen vera og oppegående ifølge meldar på staden, opplyser operasjonsleiar Steinar Knudsen ved Sør-Vest politidistrikt kort tid etter ulykka.
Vestavind sin journalist melder at det er lang kø i retning Haugesund, og enkelt bilistar har begynt å snu.
Straummast
Bil står ned i ein skråning ned mot ei straummast. Kraftselskapet er varsla, det samme er bergingsbil. Trafikken står på staden, men det er no manuell dirigering.
Vegtrafikksentralen er varsla, og dei vil gi ut alternativ køyrevegar til vegen er rydda.