nyhende

Bevaringsstrategi for kulturminne

Riksantikvaren har levert forslag til bevaringsstrategiar for spesielle kulturmiljø i landbruket og langs kysten til Klima- og miljødepartementet.

Publisert Sist oppdatert

Riksantikvaren ønskjer eit tettare strategisk samarbeid med aktørar knytt til kulturmiljøa ved kysten og i landbruket, og meiner det vil løfte arbeidet med viktige kulturmiljø.

Målet er å finne gode, langsiktige løysingar, der bevaring, bruk og utvikling blir sett i samanheng, skriv Riksantikvaren i ei pressemelding.

– Eigarar, frivillige og lokal og regional forvalting gjer ein stor innsats for kulturarven vår. Den beste forma for vern er gjennom aktiv bruk, og det ønskjer vi å leggje betre til rette for gjennom dei nye bevaringsstrategiane, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Kysten i landet vårt har lang historie og stort mangfald av kulturmiljø som sjøhus og naust, handelsstader og fiskevær. Det same gjeld for landbruket der bygningar, arkeologiske kulturminne og landskap frå jordbruk, skogbruk og reindrift er viktige identitetsmarkørar.

Powered by Labrador CMS