nyhende
Bestillingssystemet braut saman
Klokka 10 i dag kunne ein bestilla overnatting i Flokehyttene. Klokka 10 braut systemet saman.
Flokehyttene har fått mykje merksemd i lokale medier heilt sidan mai 2018 då planane blei presenterte. Frå fredag 16. oktober kan dei første låsa opp dørane til Flokehyttene, men først må bestillinga gå i orden, anten via nett eller telefon. Og akkurat det viste seg å bli litt utfordrande i dag. Rundt klokka 11 var nokre bestillingar begynt å gå gjennom.
– Me jobbar med saka, det har begynt å løysa seg litt, men det er framleis ustabilt. Nokre får det til, andre ikkje. Det har nok med kapasiteten på systemet å gjera, seier Tore Haugen, dagleg leiar i Haugesund Turistforening.
På opningsdagen i 14-tida hadde ikkje Haugen full oversikt, men systemet har kome seg noko. Pågangen har vore jamn og god i heile dag, seier han til Vestavind.