nyhende
Bestill time for nytt pass no – få passet i tide til ferien
Det er stor pågang på passkontora, noko som i delar av politidistriktet resulterer i lange ventetider. Og skal du til Storbritannia må du frå 2. april ha godkjent reiseløyve.
– Dette har mest sannsynleg si forklaring i at folk har erfart at det kan vera vanskeleg å få time i høgsesongen, og er påpasselege med å vera tidleg ute. I tillegg sender politiet SMS til dei som har pass som er i ferd med å gå ut, med påminning om at dei bør ordna seg nytt pass, seier Kjetil Optun, leiar for forvaltningsseksjonen i Sør-Vest politidistrikt.
Passtimar blir lagt ut 180 dager fram i tid, samtidig som passkontora legg ut ledige timar for dei næraste dagane og vekene kvar måndag. Måndag er altså en god dag å jakta på næraste ledige time ved næraste passkontor.
Tre alternative passkontor
– Dersom du ikkje finn noko ledig, kan det vera lurt å prøva igjen om nokre dagar, for det hender at me får avbestillingar. Det kan bli lagt ut timar andre dagar enn måndag når det er anledning til det. Det som er av ledige timar ligger altså ute på politiet.no, presiserer Optun.
For sveibuane er det tre alternativ: politistasjonane på Stord, i Haugesund og Ølen. Kan du køyra litt lenger enn til Haugesund eller Stord, ser det ut til å vera enklast å få time raskt i Ølen.
Sjølv om det er stor pågang til passkontora skal det ikkje være nokon risiko med å bestilla sommerferie no. Politiet jobbar med å bemanne opp på kort og lang sikt.
– Alt tyder på at me skal kunna dekka etterspurnaden fram mot sommaren. Det er uansett lurt å vera tidlig ute, seier Optun.
Hugs å ta med alt du treng
Politiet opplever innimellom at dei som skal ha nytt pass ikkje har med seg alt som er nødvendig, til dømes det gamle passet. Eller ikkje har sett seg inn i kva som er viktig når eit barn skal ha nytt pass.
– Me anbefaler derfor alle å lesa det som står om pass på politiet.no. Her er det ei oversiktleg hugseliste for kva ein skal ha med når ein møter til time for nytt pass eller ID-kort. For tida går det ein til to veker frå passet blir bestilt til det kjem i posten, sier Optun.
Bestill ID-kort samtidig
Har du ikkje bankkort eller sertifikat, kan det vera lurt å bestilla nasjonalt ID-kort som kan brukast når du blir bedt om å legitimera deg. Det kan også gjerast samstundes med at ein bestiller nytt pass.
Ver obs på at det er to variantar. Eit som gjeld for Noreg, og eit med raud ledetekst som oppfyller krava til eit reisedokument og kan brukast som reisedokument når du skal reisa til EU-/EØS-landa og Sveits, samt enkelte andre land.
Storbritannia har innført reiseløyve
Medan me er inne på reiser: frå 2. april må du ha reiseløyve for å koma inn i Storbritannia. Du kan søka frå 5. mars, og det kostar 10 pund (om lag 140 norske kroner).
UK ETA er eit nytt digitalt reiseløyve som gjer det mogleg for visumfrie utlendingar å reisa til Storbritannia for kortare opphald. Dette gjeld blant anna for fritidsreiser, forretningsreiser, korttidsstudiar, transitt på landsida og under Creative Worker-visumet.