nyhende

Ein del av trafikktryggleiksarbeidet i Noreg er fartskontrollar som her på Haukås.
Ein del av trafikktryggleiksarbeidet i Noreg er fartskontrollar som her på Haukås.

Best på trafikktryggleik fem år på rad

For femte år på rad er Noreg best på trafikktryggleik i Europa. European Traffic Safety Council (ETSC) presenterte dette i sin årlege rapport i Brussel.

Publisert Sist oppdatert

Rapporten peikar på Noreg som det landet i Europa med lågast tal drepne i høve til folketal. Noreg kom også nærast EU sine mål om å halvera talet på drepne frå 2010 til 2019 (- 49 prosent).

– Dette er inga kvilepute, men ein inspirasjon til å koma vidare med trafikktryggleiks-arbeidet. Kvar dag får me meldingar om alvorlege ulukker som er vonde å lesa. Sommaren er ei tid med mange dødsulukker, og eg fryktar sommaren 2020 kor mange skal ut på vegane våre, seier vegdirektør Ingrid Dahl Hovland.

Sverige utfordrar oss

– Det er gledeleg å sjå at Sverige har fått ned dødstala igjen, og pustar oss i nakken, seier direktør for trafikktryggleik i Statens vegvesen, Guro Ranes.

Sverige er det landet me har lært mest av gjennom åra, og som gir oss god og vennskapleg konkurranse. Denne gjensidige rivaliseringa held fram å utfordra oss, og kjem trafikantane til gode.

Talet på drepne halvert på norske vegar

Sjølv om Noreg ikkje har hatt den største utviklinga sidan i fjor, har me nesten halvert talet drepne sidan 2010. Resten av landa i Europa hadde eit gjennomsnitt på 24 prosent nedgang.

EU sitt mål om en halvering av dødsulukkene frå 2010 til 2020 sprekker difor kraftig, og ein har flytta tidsramma for måloppnåing til 2030.

Powered by Labrador CMS