nyhende
Best Ekrene blir YX-stasjon
Tidlegare i år slo selskapa Best og YX seg saman til eit felles selskap. For Best Ekrene betyr det snart hamskifte til YX, og kundane må skaffa seg nye kort.
– Skifte av drivstoffleverandør skjer 9. september. Frå den datoen kan ein ikkje bruka Best-kort lenger, og det er viktig at kundane søker om Uno-X kort i god tid før endringa, seier eigar og drivar Leif Haukås.
Best Ekrene har faste kundar både blant verksemder og private.
– Me har sendt e-post til verksemdene som brukar oss og gjort merksam på endringane. Med informasjon i Vestavind, håper me at også privatkundane får med seg dette. Det er lagt til rette for at overgangen til Uno-X/YX-kort vil vera enkel og smidig når ein søker om nytt kort. Søknad finn ein på YX si nettside, seier Haukås.
Den sjølvbetjente stasjonen på Ekrene vil framleis vera lokalt eigd og drifta, og for privatkunder vil Coop-kortet fortsatt vera gyldig for å motta rabattar.