nyhende

Første møte blir på Vigdartun i kveld:

linn therese erve nina østensjø atheno
Ordførar i Sveio, Linn Therese Erve og Nina Østensjø frå Atheno har tysdag denne veka det første av sju møte rundt om i Sveio.

Besøker sju bygder for å samla idear for framtida

Ordførar Linn Therese Erve og Nina Østensjø frå Atheno skal ha sju møte i sju bygder i tida som kjem – og du er invitert. Duoen vil samla tankar og idear for korleis Sveio kommune kan jobba skapa eit attraktivt sentrum, og levande bygder med vekst og utvikling

Publisert Sist oppdatert

Sveio kommune har gitt næringsutviklingsselskapet Atheno oppdrag om å gjennomføra eit prosjekt som handlar om næringsutvikling og bulyst. Etter initiativ frå ordførar Linn Therese Erve skal det gjennomførast idémyldringsmøte rundt i alle krinsane i kommunen. Desse møta blir no gjennomført som ledd i bulyst-prosjektet. 

Gode idear

Det er på tide å bretta opp ermane og sjå framover. På vegne av Atheno er det næringsutviklar Nina Østensjø som skal leia bulyst-prosjektet. Både ordførar og Østensjø vil delta på møtene.

Det vil vera møte i desse bygdene på kveldstid: Sveio sentrum, Førde, Auklandshamn, Lid, Valevåg, Bua og Vikse.

Etter innleiing av ordførar Erve og Østensjø, vil ein gjennomføra idémyldring der alle får komma fram med ideane sine. Me håpar at representantar for bygdelag, velforeiningar andre personar som ber på gode idear, møter opp. Alt vil bli notert ned og teke vare på for vidare arbeid. Me veit at det er slike prosjekt alt er i gang i visse krinsar, og ber om at ein presenterer arbeidet ein har gjort for resten av dei frammøtte.

Datoar og klokkeslett er blitt avertert i Vestavind, og står på kommunen sine nettsider.

Sveio næringsservice

Parallellt med dette prosjektet, vil ein prøva å få Sveio Næringsservice på beina igjen. Verksemder og einskildpersonar som vil delta i dette arbeidet kan melda seg til anten Erve eller Østensjø.

Bror E Eriksen

Powered by Labrador CMS