nyhende

Ryvarden fyr er eit velkjent landemerke. No kan du sjå fyret innvendig på mobil, nettbrett og PC.
Ryvarden fyr er eit velkjent landemerke. No kan du sjå fyret innvendig på mobil, nettbrett og PC.

Besøk Ryvarden og andre fyr digitalt

Har du lurt på korleis fyra langs kysten ser ut innvending? No kan du oppleva kysten sine katedraler digitalt.

Publisert Sist oppdatert

Det er Kystverket, saman med Kystverkmusea, som har laga digitaliserte versjonar av eit knippe fyr. Siste tilskot er Ryvarden som blei lagt inn no i januar.

Fyra våre er kjente og kjære landemerk som mange har eit forhold til, både på grunn av den viktige sjøsikkerheitsmessige funksjonen dei har, men også fordi ein del av dei er flotte, ruvande bygg du ser på lang avstand.

3D-modellar

Likevel er det av ulike årsaker gjerne slik at dei færraste av oss har fått oppleva korleis fyra ser ut på innsida. På nettsida fyr.kystverket.no har Kystverkmusea og Kystverket no gjort slik at alle kan få ei digital oppleving av korleis det er å gå rundt i nokre av fyra. Enten du sit heime i di ega stove, på bussen eller på venterommet hos tannlegen har du no ei fyroppleving tilgjengeleg på mobil, nettbrett eller PC, skriv Kystverket i ei pressemelding-

– Du kan utforska fyra på eiga hand i det tempoet du ønsker, eller i ein førehandsprogrammert sekvens. Då kan du gå fra rom til rom og sjå deg rundt i heile fyret. Eksteriøret på nokre av fyrstasjonane har også blitt laga som digitale 3D-modellar, seier spesialrådgiver Harald Tronstad i Kystverket.

Har 116 fyrstasjonar

Så langt er 14 fyr lagt inn, og det skal bli fleire

– Me har 116 fyrstasjonar så det er nok å velja mellom. I første omgang prøver me å ta fyr som me veit er attraktive eller vanskeleg tilgjengelege for folk flest. Me ønsker også å dekka mest mogeleg av landet, men dette er eit arbeid som tar tid, seier Tronstad.

Fyrstasjonar ligg ofte utsett til for vêr og krev vedlikehald. Nokre av dei digitaliserte fyrstasjonane er tydeleg prega av at tida har tæra på dei.

– Nokre er i fantastisk fin stand, og andre ber preg av forfall. Også difor har dette dokumentasjonsarbeidet vore viktig. Dette er usminka gjengiving av korleis fyrstasjonane såg ut akkurat den dagen Kystverkmusea var der og digitaliserte dei. Dei har dokumentert fyrstasjonane slik dei faktisk er, utan å prøva og pynta på noko, understreker Tronstad.

Powered by Labrador CMS