Stord Sogelag har i mange år gjort det sånn at dei har rusleturar til ulike historiske stader i Sunnhordland. I fjor vitja dei Valestrand, og bygdelaget hadde lagt opp til besøk hos forfattar Einar Økland og Valestrand Kapell.
Sist torsdag var det Einstadbøvoll gard som målet. Garden med 18 hus der nesten alle er bygd av stein som er grove fram frå bakken på sjølve garden. Ole Georg Olsen, som bygde garden sånn den står fram i dag, blei ein halden mann ved å bryta heller og selga desse. Av all stein som blei til overs bygde han husa og to kilometer med steingardar som omkransar garden. Garden blei freda i 1923.
I samarbeid med bonden som er tredje generasjon drivar og fjerde generasjon eigar, la Valestrand Bygdelag opp eit besøk på garden for Stord Sogelag sine medlemmar. Bortimot førti historieinteresserte ville var med på ein spanande og levande forteljing av Andres Blytt. Han fortalte levande om garden sin historie, og viste etterpå rundt på garden med sine imponerande steinhus. Huset som heiter «Stallen», er nett restaurert ved at alle dei store hellene er tekne ned, nytt reisverk er sett opp, og hellene er lagt opp igjen, nett som dei låg.
Medlemmene i sogelaget avslutta besøket med kaffi og noko å bita i på tunet mellom husa. Besøket på garden var på førehand godkjend av fylket sin helsesjef.
Av Bror E. Eriksen