nyhende

Berrføtt prest stansa overfløyming

Eit fossregn sat vegen utanfor Soknehuset i Sveio sentrum under vatn. Då tok prest Gisle Sørhus av seg på beina, og saka i eigne hender.

Publisert Sist oppdatert

— Dette er jo badetemperatur der eg kjem frå, ler sokneprest Gisle Sørhus.

Onsdag morgon kom eit fossregn over Sveio. Då falt det så mykje vatn på kort tid at kummen i Steinhaugvegen vart tetta igjen og det vart overfløyming.

Fleire bilar sakka farten gjennom vassmengda og nokon vart ventande nokre augeblikk før dei køyrte ned i vatnet.

Berrføtt prest

Då sat det heldigvis ein handlekraftig sokneprest i huset ved sidan av. Frå avstand kunne ein sjå Sørhus kome vandrande.

I handa hadde han ei krafse og på føtene ingenting.

Etter nokre minuttar med arbeid byrjar vatnet å renne igjen, og Sørhus rekk akkurat å ta i mot ein kommunal tilsett som kjem for å rydde kummen.

— Stal du jobben min no? spøkar kommunen sin mann, John Anders Semb.

Har bursdag i dag

Sørhus fortel at kulda går heilt fint og at det minnar om badetemperaturen han har vakse opp med i Tynset.

— Går det fint å vere berrføtt i slik temperatur?

— Ja det går fint. Eg er kald på føtene, så no skal eg inn og varme dei, seier Sørhus.

Ikkje berre gjekk presten ut i regnet for å stanse overfløyming.
Fleire observante sveibuar på sosiale media har påpeika at Sørhus fyller år same dag som han gjekk berrføtt ut for å rydde kummen.

— Det stemmer, 38 år i dag, seier Sørhus då Vestavind spør han om rykta er sanne.

Varsla meir regn og vind

Veret onsdag morgon er ikkje heilt representativt for det som kjem resten av veka, men det vert ikkje mykje sol.

Vakthavande ved meteorologisk institutt Susana Reuder fortel at det kjem ein del vind torsdag og fredag i frå sør-vestleg retning.

— Torsdag kveld og natt til fredag vil det truleg vere kraftigast vind. Det kan vere ein liten storm, seier Reuder.

Ho ber folk følgje med når det nærmar seg for meir oppdatert informasjon om vind. Torsdag og fredag vert det og skiftande verforhold med nokre byger.

Laurdag og søndag er det meir sjanse for å sol, men understrek at det ikkje er sikkert.

— Det er litt meir opphaldsvêr i helga, men eg lovar ikkje noko, seier Reuder.

Powered by Labrador CMS