nyhende

Berre siste finpussen igjen

I løpet av morgondagen skal det meste vera ferdig av arbeidet i Sveiogata. Prosjektet har kosta sju millionar kroner. I tillegg er det lagt ned ny vassleidning, avløpsleidning og overvassleidning for 3,1 millionar.

Publisert Sist oppdatert

Når fellesferien tek til måndag, vil det framleis vera nokre tilsette frå Vassbakk & Stol i sving. Dei skal gjera siste finpussen og rydda. Arbeid som gjenstår til etter ferien er lysanlegget, gjerder, skilting og toppdekke på asfalt, opplyser byggeleiar Bernt Herland i Vestland fylkeskommune.

Tysdag formiddag var det stor aktivitet i Sveiogata. Det blei jobba med mange ulike ting, som skjering og legging av asfalt, forskaling, kobling av leidningar, tilrettelegging av grøntareal og ein heil del anna. Byggeleiar Bernt Herland (med raud hjelm) hadde ein runde på heile anleggsområdet.

Arbeidet med fortauet og gata frå Sveio kyrkje til Leitevegen, starta i november i fjor. Opprinneleg skulle det leggast nytt fortau til Åsevegen, og arbeidet skulle vore ferdig i vår. Undervegs fann ein ut at det var fornuftig å forlenga til Leitevegen.

– No har sveibuane fått 700 meter nytt fortau med miljøstandard på heile strekninga. Det vil mellom anna seia at det er brukt granitt langs kantane, og det skal plantast ein del grønt, slik at det ikkje blir berre asfalt. Det er også lagt fine murar der ein har måtta ta av eigedommane, seier Herland i Vestland.

Kostnad: sju millionar kroner

Betre tilrettelegging for mjuke trafikantar er ein del av prosjektet; Utvida busslommer, nye busskur, intensivbelysning ved dei to hovudovergangane ved Åsevegen og mellom Kiwi og Extra, samt LED-lys på heile strekninga.

– No har sveibuane fått 700 meter nytt fortau med miljøstandard på heile strekninga, seier Bernt Herland, byggeleiar for Vestland fylkeskommune.

– Kva har prosjektet kosta?

– Sju millionar kroner delt 50/50 på Vestland fylkeskommune og Sveio kommune. Til samanlikning kosta oppgraderinga i Fitjar sentrum 30 millionar.

– Kva har den største utfordringa vore?

Meisla 3,5 meter ned i bakken

– Det har vore høgspentklablane som ligg nedgrav i området. Både det å grava der dei ligg og at dei har måtta koblast ut i etappar. Elles har det vore mykje arbeid med grøftene, mellom anna veldig mykje meisling av fjell. Det var fjell heilt oppunder asfalten, likevel har ein klart å fjerna det nesten utan sprenging. Eg må sei eg beundrar dei som har køyrd den hydrauliske meiselen time eller time, dag etter dag for å koma 3,5 meter ned i bakken, seier Herland.

Han er veldig godt nøgd med resultatet Vassbakk & Stol har levert. Det har vore mykje trafikk tett på arbeidet, og mange mjuke trafikantar i anleggesområdet. Fokuset på HMS og tryggleik for passerande har vore stort, og det har ikkje vore nokon skadar som har ført til fråver.

I løpet av sommaren skal også heile Sveiogata fresast og asfalterast på nytt.

Oppgradering for framtida

Sveio kommune har nytta høvet til å oppgradera leidningsnettet kraftig. Kostnaden er på til saman 3,1 millonar kroner (eks. meirverdiavgift), og Sveio sentrum er no godt rusta for framtida på røyrfronten.

Det har vore mange meter røyr og leidningar å halda styr på.

– Me har lagt ny vassleidning med auka dimensjon for å få betre leveringstryggleik, auka kapasitet for brannvatn (til dømes for bygg som er sprinkla i sentrum), samt montering av fleire brannkummar for uttak av sløkkevatn for brannvesenet nær sentrumsbusetnaden, opplyser Tore Johan Enerstvedt, prosjekt- og byggeleiar ved drift og anlegg i Sveio kommune.

Mange meter med nye røyr

Det er lagt ned ny avløpsleidning med auka dimensjon for å vera dimensjonert for dagens og framtidas avløpsbehov. Til dømes utbygging av nye bustadfelt i området nær sentrum.

Den nye overvassleidninga, som er fylkeskommunen sin eigedom, har fått auka dimensjon for å kunne handtera ekstremnedbør som ein ventar meir av i framtida.

I tillegg er det i heile traseen lagt ned to kommunale fibertrekkerør til bruk for kommunale bygg, både eksisterande og framtidige.

Antall meter for leidningsarbeid i fase 1 (Sveio kyrkje-Åsevegen) er omlag 380 meter. I fase 2 (Åsevegen-Leitevegen) er det omlag 160 meter.

Lite som er skifta ut

– I tillegg har me kryssa fylkesvegen med VA-leidningar nær Leitevegen over mot Vigdartun. Dette er gjort med tanke på eventuell tilkopling for framtidig badeanlegg og/eller idrettshall, seier Enerstvedt

– Kor mykje av det eksisterande leidningsnettet er skifta ut?

– Det er enkelte korte strekk av VA-anlegget som er fasa ut som følgje av nyanlegget. Utover det vil det nye VA-anlegget i stor grad koma i tillegg til eksisterande leidningsnett i sentrum, seier Enerstvedt.

Han vil takka for godt og konstruktivt samarbeid mellom Sveio kommune og Vestland fylkeskommune, samt takka Vassbakk & Stol for godt utført arbeid.

Powered by Labrador CMS