nyhende

Berre eitt køyrefelt opent i Førde

Europavegen gjennom Hanaleite er torsdag open med lysregulering grunna vegarbeid.

Publisert Sist oppdatert

Torsdag føremiddag er Europavegen som ligg i bakken sør for Hanaleite berre opent med eitt køyrefelt. Trafikken dirigerast ved lysregulering.

Køyrande i begge retningar må byte på å få nytta det eine opne køyrefeltet, utan at det så langt synest å skapa noko særleg kø.

Stenginga av køyrefelt skuldast at ein entreprenør held på å fella tre langs begge sider av E39. På staden kan ein sjå fleire tømmerstokkar liggjande langs vegen, i tillegg til større greiner og felte tre.

Vestavind har teke kontakt med Vegvesenet for å høyra meir om tiltaket, utan å så langt ha fått svar. Det er ikkje kjend kor lenge vegarbeidet skal vara.

Powered by Labrador CMS