nyhende
Berre éin av tre jegerar jaktar
Det har aldri vore registrert færre aktive jegerar i Jegerregisteret enn i jaktåret 2024-2025, og spesielt stort er fråfallet blant menn.
380.000 jegerar brukte ikkje jaktretten sin i jaktåret 2024-2025, viser nye tal frå Jegerregisteret hos Statistisk sentralbyrå. Det vil seie at to tredelar av registrerte jegerar ikkje jakta førre jaktår.
Alle som skal drive med jakt i Noreg må først bestå jegerprøva. Etter det blir dei registrert i Jegerregisteret og må betale ei avgift til staten kvart år dei skal jakte, og får slik eit jegerkort for jaktåret.
10.000-12.000 tar årleg jegerprøva
I år er det 550.846 jegerar i registeret. Av desse har 171.738 betalt jegeravgift.
Det er det lågaste talet på jegerar med jaktkort sidan tala er blitt tilgjengelege i Jegerregisteret. Dette trass i at det har vore ein stor auke i norske jegerar sidan hundreårsskiftet.
Line Lillebø Osfoss er informasjonssjef hos Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF). Ho seier det har vore ei stabil interesse for jakt i Noreg sidan hundreårsskiftet, trass i færre aktive jegerar.
– Vi har jamt mellom 10.000-12.000 som har teke jegerprøva i året i denne perioden, og medlemstala til organisasjonen vår er aukande.
Lite ryper og mangel på jaktmarker
Dei siste åra har det vore avgrensing i rypejakta, spesielt i Sør-Noreg, på grunn av låg rypebestand. Lillebø Osfoss fortel at det har ført til at færre rypejegerar har jakta, men ho trur òg at mangel på jaktgrunn er med på å auke terskelen for nye jegerar til å ta steget ut på jakt.
– Avgrensa jaktmoglegheiter er ei anna årsak. Det har blitt fleire jegerar spesielt i byane. Det gjer at mange ikkje har tilgang på område å jakte i, det er grunneigarar som har jaktrettar. Det gjer det vanskelegare for fleire å komme seg på jakt både grunna planlegging, leige av jaktrett og reiseveg.
Fleire kvinner, men jaktar ikkje
Frå 2001 til 2025 har det blitt 50 prosent fleire i Jegerregisteret. Samtidig har talet på personar som har betalt jegeravgift gått ned med ni prosent i same periode.
Mengda kvinner på jegerlista har tredobla seg sidan tusenårsskiftet. I 2001–2002 var det 29.000 kvinner registrert, i 2024–2025 var det 91.000. Likevel er det berre 18 prosent av desse kvinnene som har betalt jegeravgift i 2024–2025 og slik hatt moglegheit til å jakte.
Blant menn er det no 25.000 færre som jaktar, enn for 25 år sidan.