nyhende
Berre 4,4 kilometer ny asfalt i Sveio i 2024
Vestland fylkeskommune sitt asfalteringsprogram for 2024 er klart. I Sveio er det berre 4,4 kilometer på Tjernagelvegen som vil få nytt dekke i år.
Dette går fram av ei pressemelding som fylkeskommunen har sendt ut.
Der går det også fram at fylkeskommunen frå i år av vil prøva ut ei ny ordning med fleirårige dekkekontraktar for betre planlegging og kostnadsreduksjon.
Vil prøva toårskontraktar
– Me tenkjer som ein start å lysa ut eitt av dei tre geografiske områda som ein toårig kontrakt. Då får me erfaringar med dette, samstundes som me ikkje bind opp ein for stor del av dekkeleggingsmidlane over fleire år. Blir fleirårig kontrakt vellukka, kan me lysa ut fleire toårige kontraktar, seier Arvid Helle.
Vestavind har så langt ikkje fått svar på spørsmål om kor fylkeskommunen først vil prøva ut toårskontraktar.
Helle er leiar for hovudutval for samferdsel og mobilitet. Dei tre områda Helle omtalar, er Vestland nord, Bergen og kommunane rundt, og Hardanger, Voss og Sunnhordland.
Vestland har behov for å fornya 311 kilometer vegdekke kvart år for å oppretthalda dagens standard. Innsatsen som er gjort frå 2020 til 2023 dekkar berre 68 prosent av behovet. Årets asfalteringsprogram omfattar berre vel 139 kilometer. Budsjettet er på 121,4 millionar kroner. Av dette går 25 millionar til dekke. Nytt i år er at 5,2 millionar er avsett til dekke på gang- og sykkelvegar.
Dårleg bereevne
– For å auka levetida på dekke ønskjer me no å forsterka og utbetra vegfundament og drenering før dekkelegging der det er behov for det, seier Helle.
I 2023 blei det gjort levetidsanalyse på dekke og bereevnemålingar på om lag 900 kilometer fylkesveg i Vestland. På 18 prosent av desse vegane blei det registrert kort levetid på dekke. Omtrent dei same strekningane viste seg også å ha dårleg bereevne. I 2024 og 2025 er planen å gjennomføra levetidssanalyse på dekke og bereevnemåloingarpå resten av fylkesvegnettet i Vestland.