nyhende

Bergen filharmoniske orkester er blant gjestene under årets Fartein Valen-festival. FOTO: ODDLEIV APNESETH
Bergen filharmoniske orkester er blant gjestene under årets Fartein Valen-festival.

Bergen filharmoniske orkester og Ingebjørg Bratland kjem til Sveio for å minnast lokal komponist

Siste helga i april kjem både Bergen filharmoniske orkester, Ingebjørg Bratland og musikkforskarar til Sveio for å æra den lokale komponisten og kunstnaren Fartein Valen (1887-1952).

Publisert Sist oppdatert

Festivalen, som vert arrangert fysisk annakvart år, har ikkje vorte gjennomført sidan 2019. I 2020 sette det nådelause koronaviruset kjeppar i hjula for tilstellinga, men i 2022 kan festivalen truleg gjennomførast som planlagt.

Ole Jørgen Furdal, som er festivalansvarleg, seier at han difor ser fram til eit storslått musikk- og kulturarrangement i Haugesund og Sveio den siste helga i april.

— Eg har lagt mykje arbeid ned i eit festivalprogram eg er stolt over, og eg ynskjer at festivalen skal verta ein døropnar til Fartein Valen-musikken, seier Furdal, som har drive med festivalarbeidet i ei årrekkje.

Folkefest på Sveiotorget 2019.

Minneåret 2022

Festivalprogrammet er større enn nokon gong, men ikkje utan grunn.

2022 er nemleg eit minneår for komponisten Valen. Det er 70 år sidan han døydde, 75 år sidan det internasjonale gjennombrotet hans og 40 år sidan Fartein Valen-festivalen vart etablert.

Furdal har laga eit breitt program, der ulike musikalske stilartar møtest.

— Musikken kjem til å vera variert. Eg vonar folk finn glede i programmet for festivalen, og at dei som er til stades under konsertane, får ei fin og meiningsfull musikkoppleving, seier Furdal.

Under årets festival kjem musikkforskarar til Valestrand for å presentera ulike vinklingar på arven etter Valen. Òg Bergen filharmoniske orkester kjem for å ha konsert på Vigdartun, medan Ingebjørg Bratland skal opptre i Sveio kyrkje.

Ingebjørg Bratland.

Ein banebrytar

Musikken til Fartein Valen ligg Furdal sitt hjarta nær.

— Valen har ein stor verdi som kunstnar og utgjorde ei viktig røyst i musikkmiljøet. Musikalsk sett var han ein banebrytar; han gjekk mot straumen, laga nye vegar og sette sitt personlege uttrykk på tonane gjennom det som vert kalla dissonerande polyfoni, seier han og tilføyer at Valen mellom anna var inspirert av musikken til Bach og Beethoven.

Frå 1938 og fram til bortgangen hans budde han på Valevåg (Valenheimen). Der komponerte han nokre av dei største verka sine. Grunna tilknytinga til Sveio og Haugalandet vert Valen definert som ein lokal kunstnar, og Furdal vonar at fleire får augo opp for musikken hans.

Måleri av Fartein Valen (1887 – 1952). Målaren heiter Agnes Hiorth.
Powered by Labrador CMS