nyhende
Berga truleg 68 dyreliv
Det blei dramatisk då 17 sauer, alle med ufødde trillinglam, ramla ned i ein møkkakjellar fredag. Men alt enda godt til slutt.
Det var klokka 9.40 fredag at brannvesenet fekk melding frå ein sauebonde i nærleiken av Ålfjorden, om at meir enn 20 sauer hadde falle ned i ein møkkakjellar.
Tre mann hoppa i skiten
Mannskap frå Haugaland brann og redning IKS kom raskt til staden for å hjelpe bonden med å redde dyra.
Det viste seg etter kvart å vere snakk om 17 sauar som hadde ramla ned.
— Alle sauene hadde trillingar, fortel utrykkingsleiar Silje Therese Kvalvågnes ved Sveio brannstasjon til Vestavind.
Med andre ord var det til saman 68 dyreliv som stod på spel i dramaet.
Etter å saman med bonden ha skaffe seg oversikt over situasjonen vart redningsaksjonen sett i gang.
— Me kledde tre mann i livredningsdraktar, og sende dei ned i skiten, fortel Kvalvågnes.
Brannmannskapet jobba iherdig i ein om lag ein time før alle dyra var oppe.
Alle berga livet
Til alt hell var det ikkje meir møkk i kjellaren enn at alle sauene sto med hovudet i friluft. Etter iherdig innsats blei alle sauene redda opp. Det kom også dyrlege til staden, og til slutt kunne ein konstatere at alle sauene kom frå det med livet i behald.
— Dyra skal ha det bra etter forholda, så det ser ut til å ha enda godt, seier Kvalvågnes.
Brannmannskap må vere budde på alle mogelege oppdrag, men å måtte hoppe ned i kuskit og stå med skit til livet er ikkje kvardagskost.
— Oppdrag som dette skjer ikkje ofte, men det er ein del av utfordringane med må løyse, slår Kvalvågnes fast.
Årsaka til at sauene fall ned i møkkakjelleren er ikkje kjend.