nyhende
Berekraftig kantslått langs vegane
Det er tid for slått, ikkje berre på enger og plenar, men også langs vegane. Men har du lagt merke til at dei som driv med kantslått langs vegane, av og til hoppar over parti med ville blomster?
I ei pressemelding forklarar kommunikasjonssjef i Mesta Hulda Tronstad kvifor dette skjer.
– Me brukar datateknologi når vegkantane skal klippast. Dermed blir viktige blomsterartar tekne vare på, heiter det mellom anna i pressemeldinga.
Datastyrt
Med det nye systemet er det installert ein skjerm ved førarplassen i alle maskinane. Når klipparen kjem til eit parti med sjeldne og kanskje til og med raudlista planter, får føraren melding om dette og må løfta opp klipparen til dette området er passert.
Systemet baserer seg på data frå Norsk veidatabase, og føreset at dette er oppdatert. Systemet kan elles brukast til mykje meir enn å ta vare på sjeldne planter. Mellom anna er det eit godt hjelpemiddel til rett bruk av vegsalt om vinteren. Og Tronstad hevdar Mesta har kome lengst i bransjen når det gjeld bruk av denne typen teknologi.
I faresona
Søndag blir Villblomstrane sin dag feira, og i samband med denne feiringa opplyser Norsk Botanisk Forening at ei av fire blomsterplanter her i landet er raudlista og i fare for å forsvinna. I den same meldinga heiter det at 80 prosent av blomsterengene har forsvunne dei siste hundre åra. Berekraftig kantslått, som altså Mesta hevdar å vera best på, dekkar dermed eit behov som også botanikarane er opptekne av.
Uønska artar
Men sjølv om mange artar er truga, finst det også plantar som er uønska i norsk flora. Statens vegvesen drift og vedlikehold har også sendt ut ei pressemelding. Deira fokus er ikkje plantevern, men kampen mot dei ubedne og uønska gjestene som har kome utanfrå. Difor driv vegvesent med kantslått medan plantene står i full blomst og er på det vakraste, før dei har fått utvikla frø. Ein av dei uønska artane som dei vil vera med på å utrydda er lupiner. Denne arten er representert mellom anna langs E39 på grensa mellom Sveio og Tysvær.