nyhende
Beredskapsråd i soknehuset
100 personar er påmelde til beredskapsråd for ytre Haugalandet fredag. Samlinga er lagt til soknehuset i Sveio.
– Alle blålysetatane og folk som elles er involverte i beredskapsteneste blir representerte, fortel ordførar André Mundal Haukås.
Han får æra av å ynskja gjestene velkommen til Sveio. Elles står ulike tema på dagsorden. Første foredragshaldar er Jan Martin Grimstad Dale frå Hustadvika kommune. Hans tema er «handtering av alvorleg hendig på sjø», med erfaringane frå «Viking Sky»-havariet som bakteppe.
Eit anna tema er «prosjekt mottakssenter», som Jan Martin Stålesen frå Sør-Vest politidistrikt skal ta for seg. Elles blir det utveksling av informasjon og erfaringar frå alle dei seks kommunane som blir involverte.