nyhende

Dagfinn Bjørge er rådgjevar for Sveio kommune og seier dei kjem til å fortsetta med skotpremie. Siri Martinsen er leiar i dyreorganisasjonen NOAH, som oppmodar kommunen til å slutta med skotpremie på dyr.
Dagfinn Bjørge er rådgjevar for Sveio kommune og seier dei kjem til å fortsetta med skotpremie. Siri Martinsen er leiar i dyreorganisasjonen NOAH, som oppmodar kommunen til å slutta med skotpremie på dyr.

Ber Sveio slutte med skotpremie på dyr

Dyreorganisasjonen NOAH oppmodar Sveio kommune om å slutta med skotpremie på uønskte dyr og kallar det gamaldags praksis. Rådgjevar Dagfinn Bjørge seier ordninga er naudsynt av fleire årsaker.

Publisert Sist oppdatert

I eit brev sendt ut til alle landets kommunar kjem dyrevernorganisasjonen NOAH med ei klar oppmoding. Slutt med skotpremier på dyr!

Gamaldags og dårleg forvaltning

NOAH meiner det er ein gamaldags og dårleg måte å forvalta naturen på. I tillegg viser dei dyr sin eigenverdi i dyrevernsloven, som er uavhengig av nytteverdi for menneskje.

Rådgjevar for viltforvaltning Dagfinn Bjørge seier Sveio er ein av kommunane med skotpremie, og at dei får slike brev kvart år. I Sveio er det for mink og vaksen rev det er skotpremie. Bjørge kjem med eit tilsvar kor han forklarar kvifor dei har ordninga for kvart dyr.

Rev

– I Sveio har me stor sauenæring som er viktig næring i kommunen, som også pleier kulturlandskapet. Me må vere opne på at me ønskjer revebestanden til å vere så låg som mogleg, seier Bjørge.

Han viser til jakt er eit godt verkemiddel for å halda bestanden låg, og at reven i tillegg vil ofte få sjukdom og skabb ved ein stor bestand. Bjørge viser også til korleis slike rovdyr påverkar landbruksnæringa.

– Me har også eit dyrevelferdsomsyn til sau og lam, me veit reven kan gjera innhogg mot lam. Me opnar også for å gje fellingsløyve på rev utanom jakttida, då skal det liggje klare bevis, at rev har teke lam.

Bjørge understrekar at det ikkje berre er på landbruket sine premiss, og at dei også må gjera eigne tiltak.

– I tillegg set me krav til at sau/lam skal hegna inn om kveldane, seier han.

Vidare legg han til at årleg er det snakk om mellom 30 til 50 revar som vert levert inn, til 350 kroner stykket.

Mink

– Det er det jakt på heile året, det er ein innført og uønskt art. Den gjer stort innhogg i sjøfuglbestanden, i reira deira der den tek både egg og fugleungar. Me skulle ønskt det var fleire som jakta mink, seier Bjørge.

I Sveio er det snakk om veldig få mink som vert skotne kvart år, og premien er 100 kroner for ein vaksen mink. Forvaltninga i kommunen ser framleis positivt på ordninga, då skotpremier stimulerer til jakt på dei uønskte dyra. Dei kjem ikkje til å endra praksis sjølv om NOAH oppmodar om det.

– Me skulle gjerne ha auka premien, men det er min personlege meining, understrekar Bjørge.

Powered by Labrador CMS