nyhende

Landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) har fått brev frå statsforvaltarane om ordninga med veterinærvakt. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) har fått brev frå statsforvaltarane om ordninga med veterinærvakt.

Ber staten sjå på ordninga med veterinærvakt

Mange kommunar slit med å ha veterinærvakt heile døgnet. No ber alle statsforvaltarane regjeringa om ein gjennomgang av ordninga.

Publisert Sist oppdatert
– Nokre plassar er det næringsgrunnlaget det står på. Andre plassar får ein ikkje tak i veterinærar til heimlane. Derfor vil vi ha ein brei gjennomgang av heile ordninga, seier underdirektør Magne Totland hos Statsforvaltaren i Nordland til Nationen.

Alle statsforvaltarane i Noreg har no sendt eit brev til Landbruks- og matdepartementet der dei ber staten undersøkje kva som er dei viktigaste grunnane til rekrutteringsproblema, og kva løysingar som fungerer best. Initiativet kjem frå Statsforvaltaren i Nordland.

Etter lova har alle kommunar plikt til å sørgje for veterinærar på dagtid og å etablere ei vaktordning utanom ordinær arbeidstid. Mange kommunar slit likevel med å sørgje for veterinærvakt heile døgnet.

Fagsjef Ellef Blakstad i Den norske veterinærforeining seier at det blir utdanna for få veterinærar, og at det trengst fleire som vil jobbe i distrikta.

I ein e-post til Nationen skriv landbruksminister Sandra Borch (Sp) at Hurdalsplattforma slår fast at veterinærtenesta skal styrkjast i heile landet, og at dei nyleg har sett i gang eit arbeid med å greie ut moglege løysingar.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS