nyhende
Ber om utvida planområde
Statens vegvesen har merka seg at mange er bekymra over forslaga til ny, firefelts E39 forbi Førde. Dei vurderer difor å utvida planområdet ved Lier for å sjå på nye alternativ.
Rådmannen i Sveio tilrår overfor formannskapet og kommunestyret at planområdet blir utvida, og at det blir utgreidd eit tredje alternativ i tillegg til dei to som alt er presenterte. Formannskapet skal ta stilling til tilrådinga komande måndag.
Kommunen har sjølv tidlegare sendt merknad der det blir foreslått tunnel gjennom Lierfjellet og Bjørnåsen fram til Banddalen og vidare tunnel gjennom Dreng og fram til eit området like sør for eksisterande avkøyring til Håvardsholm og Staupe.
Planprogrammet for kommunedelplanen som gjeld ny E39 har vore ute på høyring. Dersom planområdet ved Lier blir utvida, krev dette ny høyring.