nyhende
Ber om tips om rømt oppdrettslaks
Varde Fiskeoppdrett AS meldte fredag 19. september at det var oppdaga ein større skade i ein merd ved lokaliteten Andal i Bømlafjorden nord for Langevåg.
Oppdrettslaksen i merden har ein storleik på i overkant av to kilo. Selskapet har sett ut gjenfangstgarn, men har ikkje meldt inn noko gjenfangst enno, ifølge Fiskeridirektoratet.
– Det er for tidleg å seia noko om omfanget av rømminga, melder dei på sine nettsider. Direktoratet følgjer opp saka med tilsyn etter vanleg prosedyre.
Fiskeridirektoratet har mottatt tips om fangst og observasjonar av oppdrettslaks i Stord-området, og ber om at publikum tipsar om fangst og observasjon av oppdrettslaks i området.
Her kan du melda inn tips. Legg gjerne med bilde av fisken.
Annonse
Tips som kjem inn vil vera til hjelp for vurdering av omfang og spreiing av av oppdrettsfisken. Alle tips blir lese og vurdert konfidensielt.