nyhende

Alle trinn av den gamle delen av kommunehuset. Til venstre 1926-bygget, 1965-trinnet i midten og 1970-trinnet til høgre. Arkivfoto: Einar Vestvik
Alle trinn av den gamle delen av kommunehuset. Til venstre 1926-bygget, 1965-trinnet i midten og 1970-trinnet til høgre.

Ber om samla oversyn over arealbehov

Kommunestyret vil ikkje bruka ytterlegare planmidlar på å greia ut om den eldste delen av kommunehuset skal rehabiliterast, før det er lagt fram ei heilskapleg sak om framtidas bygningsbehov for Sveio kommune.

Publisert Sist oppdatert

Dette blei konklusjonen då kommunestyret måndag behandla saksutgreiinga om rehabilitering av den gamle delen av kommunehuset eller riving og nybygg. Rådmannen hadde tilrådd å ta saka til etterretning.

John Kristian Økland (H) la fram eit alternativt forslag på vegne av Høgre, Frp, Sp og KrF. Dette blei vedtatt mot stemmene til MDG og SV.

Heilskapleg oversikt

Kjernen i forslaget Økland presenterte, er å sjå kommunen sine samla behov for areal under eitt. Han viste til at rådmannen om kort tid vil leggja fram planar for korleis legekontoret som måtte flyttast på grunn av vasskader, skal få dekka sine langsiktige arealbehov.

Kommunestyret har også bede rådmannen om ei utgreiing av helse og omsorg sine arealbehov. Dette må sjåast saman med bruken av gamledelen av kommunehuset, meiner forslagsstillarane som Økland representerte. Rådmannen blir difor beden om å koma med ein heilskapleg oversikt over arealbehovet snarast.

Rosa administrasjonen

Olav Østebø Olsen (SV) roste derimot administrasjonen sitt saksframlegg og meinte det inneheld det han kalla ei hensiktsmessig avgrensing.

– Eg kan ikkje sjå at det er store behov i kommunen som ikkje alt er utforska, sa Olsen, som meinte det var rett å ta saka til etterretning utan vidare kommentarar.

Powered by Labrador CMS