nyhende
Ber om fleire svar på reiselivsundersøking
Visit Sunnhordland er i gang med ei reiselivsundersøking blant dei 65.000 innbyggjarane i sunnhorlandsregionen. Så langt kunne responsen vore betre, ikkje minst frå Sveio, fortel Hilde Eide Helland.
Ho er reiselivsansvarleg i destinasjonsselskapet. Undersøkinga blei lagt ut på nettet for ei veke og er blant anna tilgjengeleg på Sveio kommune si facebookside. Innbyggjarane får sjanse til å delta fram til 20. mai. Fram til fredag føremiddag var det kome inn 300 svar. Berre eit par prosent av desse var frå Sveio.
– Me skulle gjerne hatt fleire svar frå heile regionen, seier Helland, som konstaterer at responsen er best i dei kommunane som har satsa mest på reiseliv. Særleg gjeld dette Kvinnherad og Stord.
Berelraftig reisemål
Helland forklarar bakgrunnen for spørjeundersøkinga, som har tittelen «Kva betyr reiselivet i Sunnhordland for deg?»
– I 2021 blei Visit Sunnhordland merka som Berekraftig Reisemål. Det er ei sertifisering gjennom Innovasjon Norge og er eit internasjonalt godkjent måleverktøy for å bli meir berekraftige. Denne sertifiseringa må fornyast kvart tredje år, forklarar ho.
Undersøkinga
I undersøkinga, som inneheld i alt 16 spørsmål som må besvarast på nett, blir det mellom anna stilt spørsmål om kva kulturtilbod og reisemål i regionen ein sjølv nyttar, om ein opplever at det til tider er for mange turistar der ein bur og kva belastning ein opplever at reiselivet er for både naturen og dei mest besøkte reisemåla. Det blir også stilt spørsmål om kva den enkelte trur om ringverknadane av reiselivet for regionen.
Dei som svarar på undersøkinga, kan velja om dei vil oppgi e-postadressa si og på den måten vera med i trekninga om ein lunsj for to ein stad i Sunnhordland.