nyhende
Ber folk hugsa å snu brannsløkkingsapparatet
Forsikringsselskap meiner folk ikkje er flinke nok til å passa på at apparata er i orden
Ei fersk spørjeundersøking frå Tryg forsikring viser at ein av tre nordmenn aldri snur pulverapparatet opp ned. Dette er viktig å gjera for å unngå at pulveret i apparatet klumpar seg, skriv dei i ei pressemelding.
Enkle grep
– Om pulveret har klumpa seg litt, kan apparatet fungera dårlegare eller i verste fall ikkje verka i det heile tatt. Det kan bety forskjellen på ein liten brann og ein totalskade, seier skadeførebyggjar Lars Angell i Tryg.
Tryg tilrår nokre enkle grep for minka sjansen for større brannar: snu pulverapparatet opp ned eit par gongar i året, sjekk at manometeret – den vesle målaren på toppen – står på grønt og sørg for at apparatet er lett tilgjengeleg.
1.491 bustadbrannar så langt i år
– Eit pulverapparat er eit av dei viktigaste tryggingstiltaka i heimen, men det hjelper lite om det ikkje verkar når du treng det, seier Angell.
Til no i år har det vore registrert 1.491 bustadbrannar, og i fjor vart det registrert over 2.000 ifølgje tal frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.