nyhende

Styreleiar i Njord dykkarklubb, Lars Einar Hollund, håper sveibuarane nyttar påsken til å rydda søppel i naturen.

Ber folk bruka påsken til å rydda naturen

Njord Dykkerklubb fører også i år vidare tradisjonen med påskerydding og set ut containerar fleire stader i Sveio. Styreleiar Lars Einar Hollund håpar mange nyttar fridagane til å samla inn søppel som ligg ute i naturen.

Publisert

Containerane skal etter planen settast ut fredag 27. mars og stå til over påske, truleg fram til 7. april. I år blir dei plasserte ved Våga-kaien, ved ferjekaien i Buavåg og på kommunekaien i Auklandshamn.

Hollund fortel at aksjonen har vore ein fast del av påsken i fleire år, og at tidspunktet ikkje er tilfeldig.

– Det er ei rydding etter vinteren, og det er viktig å komma i gang før fuglane byrjar å hekka. I tillegg er det mange som er heime i påsken, så då passar det godt å rydda litt rundt seg, seier han.

Ikkje berre strandrydding

Aksjonen handlar ikkje berre om søppel langs sjøen. Ifølgje Hollund kan alt avfall som blir funne ute i naturen, kastast i containerane.

– Me kallar det «land, strand og hav». Finn du søppel ute, kan du hiva det der, seier han.

Samtidig understrekar han at containerane ikkje er meinte for privat avfall.

– Dette er eit tilbod for dei som ryddar ute, ikkje for folk som held på med oppussing eller liknande heime, seier Hollund.

Han fortel at det gjennom åra har komme inn store mengder søppel, og håpar mange vil bidra også denne gongen.

– Alt hjelper. Ser folk søppel som ligg ute, har dei ei god moglegheit til å få det fjerna no, seier han.

Njord dykkarklubb arrangerar jamleg ryddeaksjonar langs sjøen, og no nærmar den årlege påskeryddinga seg.

Styreleiaren minnar også om at ordninga kostar pengar.

– Kvar container kostar mellom 5.000 og 10.000 kroner, så det er viktig at folk nyttar seg av tilbodet for at me skal kunna halda fram, seier Hollund.

Han håpar difor at mange tek seg tid til ein ryddeøkt i løpet av påsken.

– Me oppmodar folk til å gjera ein innsats før det byrjar å gro til, og før søppelet blir gøymt av gras og vegetasjon, seier han.

Powered by Labrador CMS