nyhende
Smitteutbrot med engelsk virusmutasjon på Austlandet:
Ber dei som nyleg har vore i området til å ha avgrensa sosial kontakt
Sveio kommune oppmodar innbyggjarar som har vore i dei beramma kommunane på Austlandet den siste tida til å vera varsame på grunn av smitteutbrot.
Alle som har vore i desse ti kommunane dei siste ti dagane, blir oppfordra til å særleg avgrensa sosial kontakt, og ha låg terskel for å testa seg, òg ved milde symptom. Bakgrunnen er utbrot av engelsk virusmutasjon i Nordre Follo.
Då Sveio kommune gjekk ut med meldinga i 14-tida laurdag, var det innført kraftige tiltak i 10 kommunar: Enebakk, Frogn, Indre Østfold, Moss, Nesodden, Nordre Follo, Oslo, Vestby, Våler og Ås.
– Me minner om at unødvendige innanlandsreiser blir frårådd generelt sett, og me ber om spesielt varsemd ved nødvendige reiser til og frå dei nemnde områdene, skriv Sveio kommune.
Besøk på Sveio omsorgssenter blir frårådd dei første ti dagane etter heimkomst dersom ein har vore i ein av desse ti kommunane.