nyhende

Bent Høie stod for den offisielle opninga av nybygget på Haugesund sjukehus. Dei to som held snora er Siv Emberland (t.v.) og Emma Sofie Lae-Pedersen.
Bent Høie stod for den offisielle opninga av nybygget på Haugesund sjukehus. Dei to som held snora er Siv Emberland (t.v.) og Emma Sofie Lae-Pedersen.

Bent Høie opna nytt sjukehusbygg

Bent Høie fekk æra av å klippa snora på det nye sjukehusbygget i Haugesund. Og statsråden kom med godt nytt om vidare utbygging.

Politikarar, styrerepresentantar, brukarar, tilsette, byggfirma, lokalmedia og andre inviterte gjester deltok måndag på den høgtidlege opninga av nybygget ved Haugesund sjukehus.

Emma Sofie Lae-Pedersen og Siv Emberland frå Helse Fonna sitt ungdomsråd fekk oppdraget med å halda snora, som vart klipt av Bent Høie.

Lån med på statsbudsjettet

Forutan mange fine ord, der han også tok eit lite tilbakeblikk på sjukehushistoria i Haugesund, kom statsråden med ei skikkeleg gladmelding om vidare utbygging ved Haugesund sjukehus, fortel Helse Fonna i ei pressemelding.

– Eg har skjønt det slik at de ikkje kviler på laurbæra, men går rett i gang med ombygging. Og at det er planlagt eit nytt byggjetrinn for å byggja framtidas sjukehus. I samband med det har me fått ein lånesøknad frå Helse Vest, og eg kan med dette informera om at regjeringa seier ja til denne.

Sjukehuset sett frå lufta.

Det betyr at dette ligg inne i neste års statsbudsjett. Så då kan de berre bretta opp ermane, setja i gong og byggja vidare, sa Høie i sin opningstale.

Planlegging av neste byggjetrinn er alt godt i gong, men føresetnaden for å komma i gong med
forprosjektet i 2022, er at Helse Fonna får lån på statsbudsjettet. Planen er å starta opp i 2023. Helse Fonna har ein sunn økonomi som gjer dette mogleg, samstundes som Valen, Stord og Odda sjukehus skal drivast og vedlikehaldast.

Har halde budsjett

Det er ganske unikt at ein har klart å halda både tidsplan og budsjett gjennom ein krevjande
pandemi. Det nye sjukehusbygget i Haugesund er blant dei største investeringane som er gjort på
land på Haugalandet nokosinne.

No står nybygget på 18.000 kvadratmeter ferdig, og i neste veke startar ombygging og oppgradering av 6.000 kvadratmeter av eksisterande bygg.

Nybygget har kosta nær to milliardar kroner, og ombygginga kjem på rundt 200 millionar. Byggjetrinn to har ein prislapp på om lag éin milliard kroner.

– Dette har vore eit viktig prosjekt for pasientane og medarbeidarane ved sjukehuset. Samstundes har det gjeve etterlengta oppdrag til byggjebransje og næringsliv lokalt, seier adm. dir. Olav Klausen.

Omvisning i det nye bygget. F.v. Frå venstre Stortingsrepresentant Sveinung Stensland (H), statsråd Bent Høie og prosjektdirektør Laila Nemeth på den nye AMK-sentralen.

Utbygginga sikrar god og trygg pasientbehandling i mange år framover. Helse Fonna vil leggja til rette for at pasientane i regionen skal få god behandling lokalt. Det krev både standardisering, elastisitet og fleksibilitet.

Styreleiar i Helse Vest, Einar Strømsvåg, er svært nøgd med det nye bygget, og særleg måten
prosjektet er gjennomført på.

– Å levera eit slikt prosjekt til budsjett, rett tid og kvalitet er imponerande i seg sjølv, men at ein klarar det i ein koronapandemi er ein utruleg prestasjon, seier styreleiaren i Helse Vest.

Haugesundsmodellen

Det nye sjukehuset i Haugesund får eit nytt felles akuttmottak for alle typar av pasientar.
Driftsmodellen har fullt integrerte kliniske sentra. Det vil enkelt forklart seia at ein byggjer med
utgangspunkt i kor pasienten er i sjukehuset. Det er samlokalisering av sengepostar og poliklinikkar.

Grensene mellom somatikk og psykisk helsevern blir reduserte, det same gjeld mellom medisin og kirurgi.  Det er pasienten sine behov for tenester som er utgangspunkt for korleis bygget skal sjå ut. Nytenkinga som er til beste for pasient er allereie blitt kalla «Haugesundsmodellen».

Powered by Labrador CMS