nyhende
Bensinstasjonen ønskjer ladestasjon, men det blir for dyrt
Grøne bilistar mellom Bergen og Stavanger har ikkje tilbod om å hurtiglada langs hovudfartsåra i Sveio. Thor Kinn skulle gjerne hatt ein ladestasjon på Haukås, men å få omfordelt straum til ein ladestasjon er for kostbart.
Regjeringa har eit mål om at alle nye personbilar og lette varebilar skal vera nullutsleppskøyretøy frå 2025. I juli var over 60 prosent av nybilsalget elbil. NAF spår starten på slutten for nye bensin- og dieselbilar.
Det er ikkje uventa nytt for Thor Kinn, dagleg leiar for Haukås Bensinstasjon AS. Med staten si satsing på grønare transport, mister verksemda gradvis inntekter på sal av fossilt drivstoff.
– Me aldri vil få ein vekst i drivstoffsal, det går andre vegen, seier Kinn.
Investering
Vanane og behova til bilistane har endra seg dei siste 20 åra. Heldigvis er det mange som har behov for eit stopp på vegen, sjølv om det ikkje er bilen som treng påfyll. Fleire og fleire spør beteninga etter ladepunkt, og hadde det vore opp til Kinn, skulle tilbodet vore på plass for lengst.
Han har vore i kontakt med både Sveio kommune og Haugaland Kraft. Ingen er negative, men det blir dyrt. Han har hatt folk på besøk for å sjå og kalkulera.
– Skal me ta totalkostnaden sjølve stoppar det opp sidan det ikkje er tilrettelagt for straum. For å få dette til, må Haugaland Kraft inn med ein ny transformator til ein kostnad på rundt 1 million kroner. Då er det ikkje aktuelt – investeringa vil aldri kunne bli nedbetalt, seier Kinn.
Det er rundt to år sidan han begynte å sjå på moglegheiter for ein ladestasjon, det vil vera optimalt med 3-4 ladepunkt. Kven som skal vera leverandør, eller om han skal leiga vekk areale eller eiga ladestasjonen sjølv er ikkje avklart, for så langt har ikkje planane kome enda. Uansett må ei stor investering til, sjølv om det er nok straum i området.
Kostpris
Å auka kapasiteten på straumnettet kostar. Det kan vera snakk om enkle grep, medan andre oppgraderingar kostar meir.
– Utan å ha innsyn i saka, kan det sjå ut til at det er nettilknytinga som kostar i dette tilfellet. Så lenge ein kunde betalar for nødvendig oppgradering, må nettselskapet levera ut straum ut i frå visse kriterium, seier John Harald Jakobsen, direktør i Haugaland Kraft Energi AS.
Han kan også opplysa at slike kostnadar er kostpris, slik at nettselskapet, i dette tilfellet Haugaland Kraft Nett, ikkje sit igjen med overskot på jobben.
– Det er like reglar for alle som vil knytta seg til nettet, seier Jakobsen.
Det er ikkje gitt at det ute i distrikta må gjerast store investeringar for å laga til ladestasjonar – det kjem an på korleis kapasiteten er på straumnettet i området.
– Det kan godt vera at ein må gjera like stor, eller enda større kostnad for tilknytning i Haugesund sentrum, seier Jakobsen som eit døme.
Knutepunkt
Haukås er eit knutepunkt for dei som kjem frå Bergen, Stord, Tysvær, Haugesund og Stavanger, ein stad folk flest veit kor er, Haukås bensinstasjon er ein stad det er naturleg å ta ein pause for påfyll, anten det er for bil eller sjåfør. Å kunne tilby ladepunkt vil bety mykje for framtida til verksemda.
– Eg kunne gjerne tenkt meg å hatt ladestasjon på plass i dag. Eg veit ikkje kva framtida er, om det er straum, vatn eller gass, men framkomstmiddel treng me, seier Kinn, som vil vera der for bilistane.
Han er undrande til utspel om at ladestasjonar skal rullast ut over heile landet.
– Det er lett å seia, dei veit kanskje ikkje korleis det er i felten? Det er mykje snakk om tilrettelegging, men me høyrer lite frå det offentlege, seier Kinn.