nyhende

Anlaug Rygg Svensen, fungerande leiar i NAV region Sunnhordland.
Anlaug Rygg Svensen, fungerande leiar i NAV region Sunnhordland.

Bekymra for dei som har vore arbeidsledige lenge

Den månadlege rapporten frå NAV Sunnhordland fortel at 1,8 prosent av den totale arbeidsstyrken var heilt arbeidsledige i Sveio i slutten av juli. Det er ein nedgong frå sist, og tilsvarar 53 personar.

Publisert Sist oppdatert

Blant dei sju kommunane for regionen, er tal arbeidsledige 2,4 prosent, i alt 728 personar. Auka frå sist månad er 58 personar.

– Det er truleg normale sesongvariasjonar som ligg til grunn for auka blant dei heilt ledige. I ferietida er det generelt lågare aktivitet i arbeidsmarknaden. Fleire enn normalt registrerer seg hos NAV etter å ha avslutta vikariat, engasjement eller utdanning, seier Anlaug Rygg Svensen, fungerande leiar i NAV region Sunnhordland.

Lågast arbeidsløyse

I Sunnhordland var det i juli lågast arbeidsløyse i Kvinnherad (1,8 prosent) og Sveio (1,8 prosent). Alle kommunane hadde ei auke i arbeidsløysa utanom Sveio (-6) og Tysnes (uendra).

Snittet for heile Sunnhordland er på 2,4 prosent, som er lågare enn snittet for både Vestland (2,9%) og landet (3,1%).

Bekymra for langstidsledige

Det er 472 personar i Sunnhordland som har vore ledig i 26 eller fleire veker. Det utgjer 65 prosent av dei heilt ledige.

– Sjølv om pilene peikar rett veg for arbeidsmarknaden, er dette tal som bekymrar. Jo lenger ein person er utan jobb, dess vanskelegare er det å koma tilbake i arbeid. Me jobbar mykje med denne gruppa, og den innsatsen kjem me til å halde fram med, seier Rygg Svensen.

Powered by Labrador CMS