nyhende
Behovet for førarprøvar er større enn kapasiteten
– Sjølv om Statens vegvesen gjennomfører fleire oppkøyringar enn nokon gong, er behovet for førarprøvar likevel langt større enn kapasiteten, seier avdelingsdirektør Henning Harsem.
– Etterspørselen etter oppkøyringar er framleis stor, og mange må venta lenge. Det er ingen teikn til nedgang i etterspørselen. Pandemien har spesielt gitt auka behov for førarkort i dei større byane. Den høge etterspørselen er spesielt krevjande å handtera saman med avgrensingane som pandemien gir oss, seier Henning Harsem i Statens vegvesen i ei pressemelding.
18% fleire oppkøyringar hittil i år
I årets fire første månader har Statens vegvesen gjennomført 18 prosent fleire oppkøyringar enn i same periode det siste «normalåret» som var 2019.
– Det er mange som er utolmodige, og vi har full forståing for at trafikkskulane og kandidatane ønsker oppkøyring raskare enn me klarer å levera. For å sikra forutsigbarhet og høg evne på dei som kjem til oppkøyring, er det trafikkskulane som må bestilla oppkøyring for den enkelte. Statens vegvesen legg ut nye oppkøyringsstimar til faste tider kvar veke.
– Statens vegvesen planlegg no oppkøyringsstimar 10 veker fram i tid. I sommarferie-perioden vil det vera færre tilgjengelege oppkøyringsstimar, sidan det må haldast ferie for sensorane på vanleg måte. For å sikra ein høgast mogleg tilgang til oppkøyringar, blir det køyrd ekstraordinært mange prøvar i forkant og etterkant av ferien. Nokon må nok likevel dessverre rekna med å venta med oppkøyring til hausten seier Harsem.
Tilset fleire sensorar
– Det er for tida stor mangel på sensorar i Statens vegvesen, men me er godt i gang med å tilsetja nye. Nye kull med sensorar vil bli tilsett løpande, slik at vi raskast mogleg kan imøtekomma etterspørselen, seier Harsem.
| Tal oppkøyringar i klasse B: | ||||
| 2021: | 2020: | 2019: | 2018: | 2017: |
| 36408 | 19437 | 31837 | 32066 | 30255 |