nyhende
Barneombodet: – Kommunale skilnader trugar likeverdige oppvekstvilkår
Barneombod Mina Gerhardsen meiner det er for store variasjonar i kommunale tenester for barn, i alt frå heimebesøk etter fødsel til barnevern.
– Vi har eit godt utgangspunkt i Noreg. Ni av ti barn oppgir å ha det bra. Dei trivst på skulen, har venner, er fornøgde med foreldra sine og har god tru på framtida. Vi har ein god grunnmur vi skal ta vare på, seier Mina Gerhardsen til Nynorsk pressekontor.
– Men så er det barn som ikkje har det bra. Og der er det mykje ugjort.
Mina Gerhardsen blei tilsett som barneombod i fjor. Det er ei stilling som blei oppretta i 1981 med mål om å fremje barn sine interesser i samfunnet, følgje med på utviklinga av oppvekstvilkåra, og å sjå til at norsk rett og forvaltingspraksis samsvarar med forpliktingane Noreg har til å følgje Barnekonvensjonen til FN.
– Denne våren skal FNs barnekomite gi tilbakemelding til Noreg på korleis vi ligg an i å følgje barnekonvensjonen. Vi har meldt inn våre bekymringar til dei, mellom anna om dei store kommunale forskjellane i oppvekst i landet vårt.
Flaks med oppvekstkommunen
Gerhardsen seier barn må ha flaks for å bli fødde i riktige kommunar, med gode nok tilbod å vekse opp i.
– Vi blir jamleg kontakta om kommunar der barnevernet ikkje får til å hjelpe barn i tide. Spesielt i dei små kommunane er moglegheitene til å gjere spesialiserte barnevernstiltak avgrensa.
Barneombodet meiner det er store kommunale variasjonar i ting som burde vere på plass.
– Til dømes heimebesøk etter fødsel, som er det første viktige sjekkpunktet vårt for å sjå korleis barn har det. Der er det kjempevariasjon. Men også når det gjeld hjelp å få i skulane eller om der er eit barnevern å gå til.
Gerhardsen trur heller ikkje utfordringane for kommunane blir færre i åra som kjem.
– Vi kjem til å bli fleire eldre med behov for omfattande hjelp og omsorg. Det vil koste pengar og krevje mannskap. Den kampen om pengar og om menneske, blir sterkare framover. Det kan føre til meir press på barnevernet og andre aktivitetar til barn. Vi er opptekne av at vi må få berekraft i systema våre. Det handlar om at det er mange grunnar til at vi må jobbe meir med førebygging.
Foreldresamtale løyser ikkje alt
Når det gjeld den mentale og fysiske helsa til barn, ser barneombodet tre utfordringar: Stillesitting, kosthald og skjermbruk.
– Det er ein del trendar i tida som ikkje er gode for barnehelsa. Det er mindre aktivitet med meir stillesitting. Den globale trenden med auka vekt blant barn er også til stades i Noreg og skjermbruk påverkar den psykiske helsa deira.
Sunn, gratis skulemat og aldersgrense på skjerm er nokre tiltak som Gerhardsen tilrår. Sistnemnde er ei tilråding Barneombodet kjem med til ei kommande stortingsmelding om trygg digital oppvekst.
– Til no har dette vore foreldra sitt ansvar, men dette er ikkje noko som berre kan løysast med ein god samtale mellom foreldre og barn, det er for stort til det. Her treng vi fellestiltak.
Ein betre førebyggar
Stillinga som barneombod er eit åremål på seks år. Innan 2030 – då åremålet har gått ut – seier Gerhardsen at ho har eit mål om å gjere kommunane betre til å hindre at barn hamnar utanfor, og endar opp som ungdomskriminelle. Ho meiner vi må gjere tiltak tidlegare, for å unngå å gjere sterkare grep seinare.
– Barneombodet har laga ein ny strategi som handlar om tidleg innsats og førebygging. Bakgrunnen for det er jo både at vi ser at der vi har barn i krise, så er det ofte barn som barnevernet og andre har kjent historia til lenge. Det har kome varsel frå barnehage og frå skule, men som samfunn gjer vi for lite for seint. Om vi gjer tiltak tidlegare, kan vi førebyggje at det endar med at barnevernet må kome inn.
Gerhardsen peiker mellom anna på at mange barn veks opp i fattigdom her i landet. Dårleg økonomi i familien fører ikkje berre til negative konsekvensar i dag, men også for resten av livet.
– Dårleg økonomi i heimen gjer mykje med moglegheiter i livet. Det går ut over helsa til barna, skuleprestasjonane og moglegheita til å vere med på fritidsaktivitetar. Det er òg med på å skape stress i familien og gjer foreldra dårlegare i stand til å løyse utfordringar. Om fleire foreldre får hovudet over vatnet, og får ein trygg økonomi, så kan dei klare meir som foreldre.
– Noreg, som er eit av dei beste landa å vekse opp i, har over hundre tusen barn som lever i fattigdom. For meg er det eit tal som gir håp. Det er eit overkommeleg tal. Det må vi klare å løyse, seier barneombod Mina Gerhardsen.