nyhende
Barnehageborn fekk vitjing av «kaptein Snublefot»
Borna i Espira Solkroken barnehage var torsdag på skattejakt for å leita etter dei 60 forsvunne gullmyntane til «kaptein Snublefot».
Ungane var ivrige og vart med kapteinen for å leita etter skatten på uteområdet i barnehagen.
I tillegg til å leita ette skatten måtte dei «gå planken» over det som skulle etterlikna eit hav med haiar. Til slutt fann ungane både gullmyntar og skattekiste, og som premiering fekk dei is på uteområdet.
Styraren i barnehagen, Ruth Vihovde, fortel at dei arrangerer denne sjørøvarfesten om sumaren for at dei som enno ikkje har fått feire, skal kunna ha det ekstra kjekt saman.