nyhende
Streik i fem Sveio-barnehagar:
Barnehagar protesterer mot kuttforslag
Private barnehagar over heile landet protesterer mot kutt i tilskott, som dei meiner vil ramma borna. Dei fem private barnehagane i Sveio viser solidaritet.
Denne veka deltek barnehagar i ei nasjonal markering mot regjeringa sitt forslag til kutt i tilskott på mange hundre millionar kroner til private barnehagar. Markeringa skjer etter at styret i Private Barnehagers Landsforbund (PBL) ber medlemsbarnehagar landet rundt om å halda stengt onsdag, frå klokka 14.00 og ut dagen.
Viser solidaritet
Regjeringa vil kutta i tilskota til private barnehagar. Det blir møtt med aksjonar. Alle dei fem private barnehagane i Sveio, Espira Solkroken barnehage, Læringsverkstedet Ekrene natur og gårdsbarnehage, Bråtveit natur- og kulturbarnehage, Gjermundshaugen FUS barnehage og Bua kultur- og friluftsbarnehage, har alle varsla at dei vil visa solidaritet.
Støttar aksjonen, men held ope
Leiar i Gjermundshaugen FUS barnehage, Sølvi Anette Linde Engedal, bekreftar at dei støttar aksjonen, men påpeikar at sidan barnehagen ikkje har noko juridisk rett til å stenga, vil dei oppretthalda vanlege vakter uansett anten borna blir henta tidlegare eller ikkje på onsdag.
– Fleire foreldre har gitt uttrykk for at tidleg stenging av barnehagen er vanskeleg, noko me har stor forståing for. Me har framleis stor usikkerheit grunna pandemien, og har låg terskel når det gjeld sjukdom, – så viss folk velger ikkje å henta borna sine tidlegare på onsdag har me forståing for det, opplyser Linde Engedal. Ho reknar med at for deira del vil kuttet i redusert tilskott frå nyttår av bety rundt 350 000 kroner.
Fryktar store kutt
Ifølgje PBL vil truleg opp mot halvparten av dei private barnehagane i år gå i null eller i minus. Blir rammebetingelsane svekka slik som skissert, vil det gå ut over barnehagane sine moglegheiter til å ta inn vikarar, kjøpa inn leiker og utstyr, vedlikehalda bygg og leikeområder og driva kompetanseheving blant tilsette.
For Bråtveit natur og kulturbarnehage vil kuttet bety rundt 112 700 kroner i redusert årleg tilskott.
– Det vil merkast godt. Borna fortener betre, fastslår dagleg leiar Astrid Wallem Hagen.
Også Læringsverkstedet Ekrene natur og gårdsbarnehage ønskjer å visa solidaritet med alle private barnehagar rundt i landet, og fordi kuttet vil påverka forutsetnadane for å gje borna eit tilbod av høg kvalitet.
– Dette i form av blant anna vikarbruk, innkjøp av leiker og materiell og kompetanseheving, opplyser dagleg leiar Vegard Tollaksen til Vestavind.
I følgje leiar i Espira Solkroken barnehage, Ruth Vihovde vil kuttet bety rundt 315 800 kroner i redusert årleg tilskott.
«Vrir» kvar krone
– For vår del som er ein liten barnehage, vil det få store konsekvenser for vidare drift. Ein kan ikkje samanlikna små enkeltstående barnehagar, som oss og Bråtveit, med dei større kjedane. Så om det ikkje er dei mest skrekkinngytande tala i 2022, vil det på sikt bli det når det skal kuttast meir etter kvart. Kvar tusenlapp tell for oss, me «vrir» kvar krone kvar dag, kommenterer Silje Huse, dagleg leiar i Bua kultur- og friluftsbarnehage.