nyhende

Barn som syng lærer språk raskare

Småbarn som blir sunge for lærer språk fortare, og repetisjon av songane er ein fordel. Både foreldre og barnehagetilsette må vere medvitne om kor mykje songen betyr, meiner forskar.

Publisert Sist oppdatert

– Det er to ting som særleg er med på å utvikle ordforrådet til barn frå dei er fødde til dei er tre år: Det er song for og med ungen, og så er det å lese høgt for dei. Det er gratis, det er lågterskel og det er enkelt, men kan ha så vanvettig stor effekt, seier forskar og høgskulelektor Hildegunn Hovde til Nynorsk pressekontor.

Lite repetisjon

Ho har gjennomført ein studie av songsamlingar ved to småbarnsavdelingar i ein barnehage. Særleg var det ein ting ved samlingane Hovde blei overraska over.

– Det var liten grad av repetisjon av kvar enkelt song. Dei syng songane ein gong, så går dei vidare, seier Hovde.

Ved å droppe repeteringa blir ikkje songstundene like relevante for språkutviklinga til barna. Det treng ikkje vere hokuspokus å endre på dette, meiner høgskulelektoren.

– Då eg gjekk på musikkpedagogikk for 20 år sidan lærte vi at når vi syng med dei yngste så syng vi kvar enkelt song tre gonger. Då er ein sikker på at alle har moglegheit til å delta aktivt og har fått repetert språkdryppet. Det heile handlar om bevisstgjering – at folk blir klar over kor viktig repetisjon er, seier ho.

Mest bokmålssongar

Eit anna sentralt funn i studien til Hovde er knytt til språk. Veldig få av songane ein syng i barnehagane er på nynorsk

– Bokmål er dominerande både i media, på barne-tv, i bøker og i songar. Det fører til at dei elevane som skal ha nynorsk som hovudmål ikkje møter skriftspråket sitt før dei byrjar på skulen. Ein kjem bakpå allereie i barnehagen – fordi ein i for lita grad blir eksponert for språket ein berre om få år skal lære å skrive.

Ho trur ikkje det ligg vond vilje bak mangel på nynorsk i songmaterialet, men derimot for lite medvit om at ein kan synge songar som ikkje er på bokmål.

– Bokmålssongane har vore kulturen og tradisjonen vår. Det er det vi har vakse opp med. Det er det foreldre og dei som jobbar i barnehagane har lært. Det er ikkje gjort i ein fei å integrere nynorske barnesongar i songtradisjonen, men ein må jo byrje ein stad, konstaterer Hovde.

Ho viser mellom anna til Trall-appen til Oslomet, som har ein eigen søkjefunksjon for nynorsk.

– Den gjer det enklare å finne nynorske alternativ. Alle veit likevel kor vanskeleg det er å omstille seg. Har du sunge på bokmål heile livet tar det litt tid å programmere om hjernen.

Inn i rammeplanen

Alle barnehagane i Noreg følgjer rammeplanar, som mellom anna set retningslinjene for innhaldet i barnehagekvardagen. Hildegunn Hovde trur song og nynorsk òg må få ein meir sentral plass der.

– Eg skulle ønskje meg at ordet song stod i rammeplanen under dei kreative faga. Det er veldig mange i fagmiljøet som jobbar for å løfte fram dette. Songen har ein eigenverdi i seg sjølv, ikkje berre som språkstimulering, men òg i sosialt samspel. Viss rammeplanen i tillegg hadde fått inn nynorsk i skriftspråkstimuleringa, så hadde det blitt tydeleg for barnehagane kva skriftspråk dei skal eksponere barna for, avsluttar ho.

Powered by Labrador CMS