nyhende
Barn om påskesnop: — Det er berre eldgamlingar som et lakris
For mange handlar påska om påskeegga som haren gøymer, og ikkje minst kva som er inni dei. Me har spurt om kva påskesnop som er best, og kvifor.
Barn og rektor på Auklandshamn skule, og barn på Vikse skule vart stilt seks spørsmål om påskesnop.
- Kva er typisk snop i påska?
- Kva påskesnop synest du er best? Kvifor det?
- Er det noko snop eller godt som ikkje er påskesnop, som burde vera det?
- Kor stort bør eit påskeegg vera?
- Kan eit påskeegg vera for stort?
- Kva er snop som vaksne likar? (for barn)
Svara var ærlege, kreative og ikkje minst koselege.
Auklandshamn skule
4. klasse
Mathias Aga Bjørge (10)
1. Påskeharar og egg.
2. Sjokolade. Kvifor? Fordi det er godt.
3. Veit ikkje heilt.
4. Så stort bør eit påskeegg vera:
5. Nei.
6. Sjokolade.
Erlend Vestvik Andersen (9)
1. Sjokolade.
2. Sjokolade. Kvifor? Fordi det er god smak.
3. Kanskje skumnissar.
4. Så stort bør eit påskeegg vera:
5. Nei.
6. Ingenting.
— Ikkje lakris ein gong? Spør klassekamerat Mathias Aga Bjørge
— Nei, det er det berre eldgamlingar som gjer, svarar Andersen.
August Jacobsen Mokleiv (9)
1. Sjokolade.
2. Det som er surt. Smågodt og sure ting.
3. Chips!
4. Så stort bør eit påskeegg vera:
5. Nei.
6. Sjokolade.
Rektor
Camilla Fagerland Tverrfjell (34), rektor
1. Påskemarsipan er påskesnop for meg.
2. Eg er veldig glad i desse kolibriegga, og smågodt som ein puttar sjølv i påskeegg. Kvifor? Fordi påskeegg er typisk påske.
3. Ja sei det, eg trur ikkje eg kjem på noko.
4. Så stort bør eit påskeegg vera:
5. Nei, det trur eg ikkje.
6. Eg må tenkja på kva mine eigne likar. Smågodt. Dei likar ikkje marsipan som meg. Smågodt og rein sjokolade likar dei.
Vikse skule, 6. klasse
Henrik Rossebø (11)
1. Sjokolade, sånn sjokolade fylt med krem.
2. Sjokolade. Kvifor? Eg likar godt når det smeltar i munnen.
3. Eg veit ikkje heilt, gummibjørnar? Det likar eg i kvart fall.
4. Ca 8-9 centimeter.
5. Ja fordi me har eit der lokket er stort som ei potte, og det kan vera litt stort.
6. Lakris tenkjer eg.
Andreas Bårtvedt Talle (12)
1. Kanskje sånn sjokoladefigurar
2. Dei sjokoladefigurane. Kvifor? Det minner meg om påske fordi dei er sånne påskefuglar.
3. Veit ikkje heilt.
4. 15 centimeter, og at den er oval.
5. Ja. Eg vil ikkje få diabetes.
6. Eg har gløymt kva det heiter, men ein sånn med farge på toppen, så lakris, og så farge igjen.
Karen Sofie Saltvedt (11)
1. Sjokolade. Skumgodteri, non-stop, slikkepinn og sjokolade med krem inni.
2. Sjokolade. Kvifor? Kanskje fordi det ikkje har så mykje ingrediensar, det er berre sjokolade.
3. Non-stop.
4. Så stort bør eit påskeegg vera:
5. Ja.
6. Eg trur det er sjokolade det og.
Hermann Salte Enoksen (11)
1. Påskeskum eller påskesjokolade.
2. Påskeskum. Kvifor? Veit ikkje kvifor, det er berre godt.
3. Nei.
4. Så stort bør eit påskeegg vera:
5. Ja.
6. Mest sjokolade.
Alde Gutter Ingebrigtsen (11)
1. Sjokolade.
2. Alt som er sjokolade. Kvifor? Det er berre veldig godt og det er søtt.
3. Nei, alt kan vera påskesnop.
4. Så stort bør eit påskeegg vera:
5. Ja.
6. Lakris.
Malin Ekornsaeter (11)
1. Eg veit ikkje heilt.
2. Sånne sjokoladeegg med kvitt inni. Kvifor? Fordi eg likar godt det kvite inni og smaken.
3. Kanskje den der sjokoladefamilien, berre at det er påskedyr i staden for menneskje.
4. Så stort bør eit påskeegg vera:
5. Nei.
6. Sjokolade, det et mange vaksne.
Jonas Åsbø (11)
1. Eg veit ikkje.
2. Sure ting og sånn. Kvifor? Eg likar når eg får sånt rart fjes, og det er løye når me får god stemning av det.
3. Eigentleg ikkje, fordi eg et kva som helst.
4. Så stort bør eit påskeegg vera:
5. Det spørst kor mykje du får oppi.
6. Eg har ikkje så mykje peiling på det.
— Kjem du til å eta anna snop når du sjølv vert vaksen?
— Ja. Eg kjem til å eta meir makrell og sånt.
3. klasse
Nikolai og Olivia Elin legg til at dei er tremenningar.
Nikolai Berg Stenson (9)
1. Påskeharar.
2. Sjokolade. Kvifor? Fordi det er masse sukker.
3. Tyggis!
4. Så stort bør eit påskeegg vera:
5. Ja. Eg har eit stort heime som mamma har laga sjølv. Det er fylt opp i påska og me brukar ein månad på å eta det opp.
6. Lakris! Karamell også, pappa likar det.
Olivia Elin Jørgensen Lokna (8)
1. Typisk påskesnop, det er dei sjokoladeegga med noko inni.
2. Påskesjokolade. Kvifor? Sukker!
3. Sånn melkerull som ein knekk.
4. Så stort bør eit påskeegg vera. Viser med å gå i spagat.
5. Ja!
6. Lakris og karamell og sjokolade.