nyhende

Det har gjort stort inntrykk på norske barn at så mange på deira alder er blitt råka av krigen i Ukraina. Biletet er frå det nasjonale mottakssenteret i Råde. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK
Det har gjort stort inntrykk på norske barn at så mange på deira alder er blitt råka av krigen i Ukraina. Biletet er frå det nasjonale mottakssenteret i Råde.

Barn i Sveio og resten av landet har samla inn over ein million til Ukraina

Publisert Sist oppdatert
NPK: På litt over ein månad har norske barn samla inn nesten 1,1 millionar kroner til barn som er råka av krig i Ukraina. Aldri før har barn i Noreg samla inn så mykje pengar på så kort tid.
– Det er heilt fantastisk, og nesten litt overveldande å sjå kor stort engasjementet er. Me har aldri sett noko liknande, seier rådgjevarane Bertine Henriksen og Kristin Sommerseth i Redd Barna til Framtida Junior.

Til vanleg samlar norske barn i snitt inn litt over to millionar kroner kvart år. No har halvparten av denne summen blitt donert på litt meir enn ein månad. Innsamlinga grusar dermed alle tidlegare rekordar i Redd Barna.

Les også:

Halvparten av pengane er donert frå basarbarn. Det betyr at pengane kjem frå barna sjølv, og ikkje frå eit idrettslag, ein barnehage eller ein skule. Og kreativiteten er stor.

– Mellom anna veit me om ei jente som teikna teikningar og fekk dei donert vekk via mamma sin Facebook. Andre donerer vekk klede og leiker, og dette veit me sit langt inne hjå barn. Det seier rett og slett noko om empatien som finst, seier dei to rådgjevarane til avisa.

Andre har laga bollebod, laga vaflar, eller gått frå hus til hus og bedt naboane vipsa pengar til Redd Barna.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS