nyhende
Barn får oftare borreliose
Barn og eldre er overrepresenterte når det gjeld å få borreliose. Truleg kjem det av immunforsvar og dessutan eksponering for flått når dei er ute.
Ein ny studie om den flåttborne sjukdommen Lyme borreliose viser at barn har hyppig førekomst av borreliose samanlikna med andre aldersgrupper, skriv Titan.uio.no.
Atle Mysterud, professor i økologi ved Institutt for biovitskap, har forska på flått i mange år. Han meiner at barn oftare får konstatert sjukdommen fordi dei har eit mindre utvikla immunforsvar enn vaksne slik at dei får eit raskare infeksjonsforløp.
Barn og eldre
– Det kan også vere at det er lågare terskel for å oppsøkje lege med barn. I tillegg får barn ofte meir tydeleg sjukdomsteikn som lammingar i delar av ansiktet, noko som er vanskeleg å oversjå og lett å diagnostisere.
Aldersgruppa 20–30 år har lågast førekomst av sjukdommen. Tilfelle av borreliose aukar deretter med alderen. Dette meiner Mysterud kan komme av at immunforsvaret blir dårlegare etter kvart som ein blir eldre, altså motsett årsak til at barn blir sjuke.
Størst auke på Vestlandet
Mysterud legg til at det har skjedd ein vesentleg auke i førekomsten av sjukdomstilfelle sidan 1995. Noko kan komme av at fleire har vorte merksame på symptoma og sjukdommen, men tal frå husdyrhald viser at det faktisk har vorte meir av flåttborne sjukdommar generelt. Når klimaet blir varmare kan sjukdommane også dukke opp tidlegare i sesongen, noko dei også ser tydeleg i MSIS-statistikken over Lyme borreliose.
– Det store biletet er at talet på sjukdomstilfelle med Lyme borreliose har auka veldig, og aller mest på Vestlandet.